Hopp til innhold

Azar legg vekk tankane om Brann for nokre timar: - No skal vi slå Viking

Kampen mellom Sogndal og Viking enda 0-0 i varmen på Fosshaugane.

Azar Karadas -fullt fokus på kamp

FULLT FOKUS: Azar Karadas brukar ikkje energi på å tenke på Brann når Sogndal spelar mot Viking. Foto/red: Steinar Lote, NRK.

– Eg har fullt fokus på kampen. Saman skal vi snu trenden med to tap., sa Azar Karadas før kampen.

Det er ei kjend sak at Karadas har familien sin i Bergen, og at han har vore interessert i å spele for klubben. Men sist Brann hadde sjanse til å sikre seg eidaren var ikkje det tidlegare storlaget interessert.

No er Brann eit botnlag, og dermed har dei funne ut at dei har bruk for ein veteran med musklar og innsatsvilje.

I kampen mot Viking har trenar Jonas Olsson valt å starte med Karadas som midtspiss, og det har skapt ein del bry for Viking-forsvaret.

  • Sogndal har hatt initiativet i kampen det første kvarteret. Mahatma Otoo kunne ha gitt heimelaget 1-0 etter 14 minutt, men sette ballen rett på Viking-keeper Arild Østbø frå god posisjon.
  • Etter 29 minutt måtte Sogndal-keeper Mathias Dyngeland ut i full strekk for å redde eit hardt langskot frå Joackim Jørgensen.
  • Etter 45 minutt fekk Otoo ein ny sjansen, denne gongen gjekk ballen over mål.
  • Etter 46 minutt måtte Dyngeland igjen i aksjon med ei god redning på skot frå Jon Dadi Bödvardsson.
  • Stillinga ved pause er 0-0.
Dyngeland-redning

VIKTIG REDNING: Mathias Dyngeland viste klasse på to gode skot før pause.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix
  • Etter 13 minutt av andre omgang sende Petter Strand eit frispark frå 20 meters hald via muren og til corner.
  • Etter 22 minutt nikka Rune Bolseth utanfor krysset til Viking-målet.
  • Etter 29 minutt skaut Rune Bolseth via ein Viking-forsvarar og til corner. Den enda med eit Helge Haugen-skot over og utanfor.
  • Etter 33 minutt sette Tim Andre Nilsen ballen i stolpen. Han hadde kome inn for Otoo.
  • Tilskodartal på Fosshaugane: 2875

Det er varmt på Fosshaugane. I går vart det målt 33 grader ute på bana i 16-tida, så dei 90 minutta blir kraftkrevjande for spelarane. På grunn av varmen er det lagt inn ein drikkepause i kvar omgang.

45 minutt før kampstart har eit skylag ført til at det er litt meir passande temperatur for fotballspel, og spelarane håpar nok at det skal halde seg der ut kampen.

Drikkepause Sogndal-Viking

IKKJE BERRE I VM: Det er varmt på Fosshaugane, og det vart lagt inn ein drikkepause i kvar omgang.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal stiller med desse 11 frå start mot Viking: Mathias Dyngeland - Bjørn Inge Utvik - Hannu Patronen - Azar Karadas - Eirik Skaasheim - Taijo Teniste - Helge Haugen - Rune Bolseth - Petter Strand - Ruben Holsæter - Mahatma Otoo.