Hopp til innhold

Azar får skryt etter nok ein siger

I rolla som spiss har Azar Karadas gjort Sogndal farlegare framover. Det likar lagkameratane.

Sogndal - Brann

FÅR SKRYT: Eidaren Azar Karadas får skryt etter 1–0 sigeren over Haugesund borte.

Foto: NRK

Ti poeng på fem kampar er meir enn mange hadde våga håpe på for Sogndal. Men med nye tre poeng borte mot FK Haugesund i går har Sogndal plassert seg midt på tabellen.

Malick Mane var den som sette inn sigersmålet då han sikkert sette ballen i nettmaskene frå 11-metersmerket. Men også Azar Karadas frå skryt for sin innsats.

Etter at han vart flytta fram som spiss tidlegare denne sesongen, har det vore eit mykje meir målfarleg Sogndal som har gått ut på bana.

– Han er tøff og sterk, flink til å halde på ballen. Han er klok og viktig for oss både offensivt og bakover. Han er utruleg viktig for laget, seier Rune Bolseth.

– Må ha marginane på vår side

Han er stolt over det han skildrar som ein lagsiger, og legg ikkje skjul på at dei hadde marginane på si side.

– Vi gjer ein god førsteomgang, og eg synest det er jamt før pause. Vi er nærast skåring føler eg, seier han om dei første 45 minuttane.

– I andre omgang følte eg Haugesund var litt kvassare, og vi fekk 1–0 litt mot kampbilete. Vi får eit straffespark som er heilt greitt, men det var litt klønete av Haugesund.

– Vi har marginane litt på vår side, med redning på streken og at dei skyt i stanga. Men borte mot Haugesund må ein ha litt marginane på si side for å stikke av med alle poenga, seier Bolseth til NRK.no.

Inne i ein god periode

Mange har tippa Sogndal nord og ned, men dei siste kampane har Sogndal verkeleg funne forma. Dei siste vekene har det blitt siger mot både Brann og Odd heime, og uavgjort mot Lillestrøm borte.

Tapet mot Strømsgodset før helga til trass, med ein ny siger i går er Sogndal-trenar Jonas Olsson klar på at dei er inne i ein god periode.

– Vi har hatt ei god kjensle, men så gjekk vi på ein smell mot Strømsgodset borte. Då er det ekstra godt at vi finn tilbake til det gode sporet, seier Olsson.

Søndag er det Start som kjem til Fosshaugane, eit lag som truleg er svært ivrige på poeng etter 0–6 tapet mot Strømsgodset i går. Kampen er den siste før eliteserien tek vel ein månad fri.

– Vi har vore gode på heimebane, med to strake sigrar. No møter vi Start, og det er ein viktig kamp. Dei har eit stortap bak seg, så det gjeld å samle opp litt krefter og avslutte bra, seier Olsson.