NRK Meny
Normal

Avviste passasjerar nekta bussen å køyre

Ampre og billettlause busspassasjerar stilte seg framfor nattbussen mellom Førde og Oslo. Ein telefon frå politiet løyste floken.

nettbuss illustrasjon

GARANTI: Det er ikkje alle som har fått med seg at ein berre er garantert plass på ekspressbussane om ein førehandsbestiller billetten.

Personane hadde truleg ikkje fått med seg at det berre er ved førehandsbestilling på Internett, at passasjerane har plassgaranti på ekspressbussane.

Dermed oppstod det ein svært oppheita situasjon då bussen skulle gå frå Lærdal i 23.30-tida.

– Det vart ein ubehageleg og høglydt situasjon. Heldigvis er det sjeldan, om nokon gong, ein opplever slikt, seier marknadssjef i Nettbuss Travel AS, Svein-Arne Vik.

Fullbooka buss

Bussen var fullbooka på førehand, og Vik opplyser at det ikkje var plass til å ta med seg begge passasjerane austover.

Svein-Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss

UHELDIG: Svein-Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss, seier det var ein uheldig situasjon som oppstod i Lærdal måndag kveld.

Foto: Nettbuss

– Passasjerane vart avviste, slik dei skal, noko dei ikkje godtok. Dei stilte seg framfor bussen slik at vart ein halv time forseinka, fortel Vik.

NRK-tipsarar fortel at situasjonen vart svært oppheita etter kvart. Situasjonen løyste seg då politiet vart kopla inn.

– Vi fekk snakka litt med passasjerane over telefon, og det løyste seg slik at bussen fekk køyre vidare, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt.

Har gått seg til

For tre år sidan innførte Nettbuss praksisen at det berre er førehandsbestilte billettar som garanterer plass på ekspressbussane. Ordninga fekk mykje kritikk då den vart innført .

Marknadssjef Vik forstår at det kan vere frustrerande for passasjerar å ikkje få bli med bussen.

– Men no er det tre år sidan vi innførte dette med kjøp av billett på førehand. Det har vore annonsert og det står på våre nettsider. Vi har handheva regelen fullt ut sidan i fjor haust, og det har gått seg veldig godt til, seier han.

Kjedeleg for alle

Vik legg til at Nettbuss gjennom ein nasjonal kampanje intensiverte marknadsføringa før påske for å unngå slike situasjonar.

Marknadssjefen meiner det er kjedeleg for alle partar når slikt oppstår.

– Det er først og fremst ubehageleg for føraren, når slike situasjonar, som kunne vore unngått, oppstår. Så er det også ubehageleg for passasjerane som kan bli forseinka. bussen går via Gardermoen, og det kan vere ting der enkelte skal nå. Det er uheldig, avsluttar han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå