Hopp til innhold

Avviser vendetta mot Navarsete

VGs politiske redaktør, Hanne Skartveit, avviser påstandane om ein politisk vendetta mot den raudgrøne regjeringa.

Framsida til VG torsdag 9. september.

Også torsdag 9. september var Liv Signe Navarsete å finne på framsida til avisa Verdens Gang.

Påstandane frå Harry Mowatt (Ap) om at VG og andre medier driv regjeringsjakt , blir avfeia som ein underhaldande teori av politisk redaktør, Hanne Skartveit, i VG.

  • HØYR:

- Vi skriv om raudgrøn politikk heile tida, vi kritiserer mykje og roser når det er på sin plass. Vi er ei uavhengig avis, ikkje ei borgarleg avis, og at vi skulle gjere dette som ein vendetta mot den raudgrøne regjeringa, fell på si eiga urimelegheit, seier Skartveit.

- Fullstendig ut av proporsjonar

Det var riksavisa som starta den etterkvart mykje omtala armbandsaka. Avsløringa kom same dag som statsministeren innførde nye reglar for å hindre statsrådar i å behalde gåver dei mottek i embets medfør.

Rød Ungdom har også politimeld statsråden for korrupsjon.

- Dette har fullstendig gått ut av proporsjonar, og VG og andre medier driv ei sjokkerande jakt på enkeltpersonar, meinte Harry Mowatt (Ap) onsdag.

- Saka er veldig alvorleg

Bilete av Navarsete har nærast dagleg prega framsida i fleire aviser og nettaviser. Politisk kommentator i VG, Eirik Mosveen, skriv:

I spritsmuglermiljøet og i (deler av) pornobransjen er det akseptert å motta gaver for flere titusener av kroner fra utenforstående.

Eirik Mosveen, VG

og

Har hun betalt skatt overhodet? Her tvinges vi til å ta Navarsetes ord for god fisk. Det er det ingen grunn til.

Eirik Mosveen, VG

Han får støtte av redaktøren.

- Det er grunn for å stille veldig kritiske spørsmål ved hennar handtering av saka. Eg tykkjer saka er veldig alvorleg. Eg trur dei aller fleste i Norge er samde i det., meiner Skartveit.

- Veldig stort beløp

Torsdag vart det kjent at Navarsete skatta for armbandet ho fekk som gåve frå Røkke-eigde Aker Yards då ho som gudmor døypte gassferja Bergensfjord i 2006.

Smykket er verd kring 27 000 kroner. Korrupsjonsjeger Eva Joly kallar dette småpengar og skildrar det heile som ei fillesak.

- Det seier vel sitt om Joly og hennar bakgrunn frå fransk politikk. For meg er ikkje 27 000 småpengar. For dei aller fleste nordmenn trur eg dette er eit veldig stort beløp. Andre grupper i samfunnet får ikkje ta imot gåver i embets medfør frå nokon. Dette er ei stor og alvorleg sak, seier Skartveit.