NRK Meny
Normal

Avviser at Torghatten har fått sensitiv informasjon

Torghatten fekk ikkje innsyn i hemmelege opplysningar som gjorde at dei kunne utkonkurrere Fjord1 på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. Det seier Fjord1-styreleiar Pål Lorentzen.

Helge Johnsen, Pål Lorentzen og Per Sævik under fylkestingsmøte

OMSTRIDD SAK: Firda-journalist Helge Johnsen (t.v.) i samtale med Fjord1-styreleiar Pål Lorentzen (midten) og Per Sævik i Havila.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sist veke vart det kjent at Fjord1 ligg an til å miste det gullkanta E39-sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Ifølgje Sogn Avis vil Torghatten drive sambandet i ti år for 4,7 milliardar kroner. Fjord1 sitt anbod låg ein milliard kroner høgare.

Halhjem-Sandvikvåg har vore eit svært viktig samband for Fjord1. Nokre fylkespolitikarar og ein kommentar i avisa Firda har spekulert i om Torghatten fekk tilgang på forretningshemmelegheitar då dei ville kjøpe Fjord1.

Lorentzen avviser dette.

– Slik eg har forstått det ut frå samtalar med administrasjonen er dette heilt sett bort frå.

– Kva opplysningar kan dei ha fått?

Lorentzen var til stades då fylkestinget i Sogn og Fjordane fredag avgjorde framtida for aksjane sine i ferjeselskapet.

I november gjekk eit knapt fleirtal i fylkestinget inn for å selje Fjord1-aksjane til Torghatten, dette salet vart stogga av Konkurransetilsynet i juni. I staden har fylkeskommunen no skrive ein avtale med medeigar Per Sævik og Havila, og denne skulle i dag endeleg godkjennast.

I løpet av debatten tok fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) opp spørsmålet knytt til kor vidt Torghatten har fått vite ting dei ikkje burde ha visst.

– Eg prøvde å målbere det eg trur mange lurer på, kva opplysningar kan dei ha fått? Det har vore mange rundar med ønske om at ein skulle utlevere sensitiv informasjon, og eg har vore ein av dei som har vegra meg for å gjere det.

– For meg har det vore veldig innlysande at vi ikkje kan levere ut sensitiv informasjon til konkurrentar som potensielt kan fortsette å vere konkurrentar, seier Kjelsnes.

Pål Lorentzen

KUNNE IKKJE GÅ SÅ LÅGT I PRIS: Pål Lorentzen seier Torghatten har prisa seg på ein måte som gjer at Fjord1 ikkje kunne ha gitt eit så lågt anbod.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Håpar det blir slutt på spekulasjonane

Ap-politikaren var svært glad for at Lorentzen tilbakeviste dette. Også til NRK.no seier Fjord1-styreleiaren at Torghatten ikkje har fått tilgang på sensitive opplysningar.

– Informasjonen Torghatten har fått i samband med salsprosessen har vore på eit heilt overordna nivå. Ikkje på det nivået som er utslagsgjevande for det anbodet som er levert inn.

Lorentzen peika vidare på at dersom Torghatten hadde fått tak på viktige opplysningar, så ville dei ikkje ha lagt seg ein milliard kroner under det Fjord1 gjorde.

– Eg vil tru at dersom ein hadde basert seg på den type informasjon, så hadde ein ikkje sagt farvel til ein milliard. Då ville ein vel lagt seg like oppunder oss.

– Kva tenkjer du om at det blir spekulert i at Torghatten har fått opplysningar dei ikkje skulle hatt?

– Det har vore eit slagsmål rundt kva innsyn Torghatten skulle ha. Det har vore ein del av problemkomplekset at selskapet har insistert på å skjerme sine forretsningshemmelegheiter. Denne typen informasjon har ikkje blitt gitt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.