Hopp til innhold

- Eit samansurium av gamle saker

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg avviser all mistillit som er retta mot Bolstad.

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, avviser alle skuldingane mot han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fleire tilsette i helseføretaket hevdar dei er utsette for reprimandar etter å ha ytra seg offentleg om helseføretaket. I ettermiddagssendinga måndag avviste administrerande direktør Jon Bolstad kritikken som er retta mot han.

- Eg vil nesten kalle det eit samansurium av gamle episodar, gamle sakar. Veldig mykje av dei tinga som blir teke opp har vore oppe i media og alle andre kanalar i lang tid. Heilt attende til 2004, sa han.

- Gamle saker i nye klede

Bolstad møtte i studio saman med styreleiar Clara Øberg. Han skildra sakene som er omtala som gamle, og kjenner ikkje til ferske saker. Bolstad retta i staden krass kritikk mot NRK for sakene som er laga. Han fekk langt på veg støtte frå styreleiar Øberg.

- Dette er gamle saker i nye klede som blir tekne fram som angrep like før ministeren kjem, sa Øberg.

- Urimeleg kritikk

Styreleiaren seier Bolstad ikkje har gjort noko som skulle tilseie at han ikkje skal halde fram som direktør. Ho meiner kritikken er urimeleg.

- Han har både min og styret sin tillit. Etter all den kritikken Bolstad har fått gjennom dei fem åra eg har vore styreleiar, og som styre og eg som styreleiar har fått, så tykkjer eg at særleg Bolstad har klart å halde fokus, seier ho.