Hopp til innhold

Avviser blankt at storkommune stikk av med Høyanger-bygder

Å splitte noverande kommunar er eit forslag som haustar mykje kritikk og lite forståing i Sunnfjord og Sogn. – Uaktuelt at Lavik skal høyre til nokon andre, seier Høyanger-ordførar, Petter Sortland.

Petter Sortland

NEGATIV: Petter Sortland, ordførar i Høyanger likar dårleg forslaget om at lavik skal bli ein del av ein stor HAFS-kommune.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har ikkje ein kvadratmeter å gje vekk frå eksisterande Høyanger kommune, verken til HAFS eller andre kommune, seier Arbeidarpartiordføraren i industrikommunen i Sogn.

Sortland er også avvisande til Hyllestadordførar, Jan Olav Gjerde sitt utspel til Firda, om å ta med bygdene Lavik og Lavikdal frå Høyanger og Bygstad frå Gaular i ein storkommune i HAFS-regionen.

– Askvoll, Hyllestad og Fjaler blir kanskje litt magert, vi snakkar vel om 7500 menneske, så eg ser for meg at vi tek med desse bygdene når vi ser framover, seier Gjerde til NRK.

– Eit uhøyrt forslag

Korleis kommunekartet skal sjå ut i åra framover er uvisst, men dagens regjering har gjort det klart at kommunestrukturen bør gjerast om på, og at det skal kuttast i talet på kommunar.

Kommunekartet til Hyllestadordføraren blir likevel heller ikkje godt motteke av Høgre-ordførar Mathias Råheim i Gaular.

– Personleg seier eg blankt nei. Eg tykkjer det er fullstendig uhøyrt, og eg trur heller ikkje det er så mange i Bygstad som vil den vegen. Dei orienterer seg mot Førde i handel og arbeid, så forslaget ser eg ikkje på som aktuelt å diskutere ein gong, seier Råheim til NRK.

Mathias Råheim

AVVISER: Heller ikkje Høgre-ordførar i Gaular, Mathias Råheim vil ha snakk om å gje frå seg Bygstad til ein annan kommune.

Foto: Sogn og Fjordane Høgre

– Høyanger har det best som i dag

På kartet ligg bygdene som Gjerde vil inkludere tett inntil kommunane Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Men, kart og terreng stemmer ikkje alltid overeins minner Sortland om.

– Det er viktig kva innbyggarane i Lavik meiner, og kva Høyanger meiner. Det er ingen plass i kommunen vi har investert så mykje som i Lavik. Der har kome ny skule, ny barnehage, tomtefelt og kunstgrasbane. Vi har gjort mykje, og det er stor optimisme. VI vil ta del i den optimismen, i vår eigen kommune.

Å dele opp industrikommunen vil ikkje Petter Sortland vere med på, sjølv om han innrømmer at det vil vere nødvendig å teikne nye kommune- og fylkesgrenser.

– Det eg reagerer på er at dei som teiknar nye grenser i Sogn, Sunnfjord, HAFS og langs kysten, ikkje tek med seg Høyanger. Kommunen vår har ei spesiell geografisk plassering. Og eg trur nokre kommunar må få lov å vere att omtrent som dei er i dag, sjølv om andre finn saman. Høyanger står seg godt som eigen kommune, meiner Sortland.