Avviklar ortopedien i førjulstida

Den ortopediske seksjonen ved Nordfjord sjukehus vert lagd ned fredag 16. desember.

Nordfjord Sjukehus

SLUTT: Det ortopediske tilbodet ved Nordfjord sjukehus vert lagd ned frå midten av desember.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Om ikkje saka mellom sjukehusaksjonen i Nordfjord og Helse Førde skulle føre fram, er det klart at ortopediavdelinga blir historie frå midten av desember.

Samstundes som ortopedien blir lagd ned, ynskjer Helse Førde å etablere ein skadepoliklinikk ved sjukehuset, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik til Helse Førde sine nettsider.

– For å ivareta pasientar med mindre alvorlege, men akutte problemstillingar, er det ynskjeleg å etablere eit mellombels tilbod knytt til mindre skadetilfelle og einskilde andre akutte tilfelle som kan få avklaring og eventuelt behandling lokalt ved sjukehuset, seier Breidablik.

Unngå lange pasientreiser

Skadepoliklinikken skal vere open på dag- og kveldstid på kvardagar, då den interkommunale legevakta ikkje er open.

Det er oppretta ei prosjektgruppe som skal greie ut, planleggje og setje i verk skadepoliklinikk/legevaktordning ved sjukehuset. Arbeidet skal vere ferdig innan 30. november.

Breidablik seier etableringa blir gjort for å unngå lange pasientreiser og for å få ei optimal utnytting av tilgjengelege ressursar ved sjukehuset.

– Ordninga skal ikkje erstatte det kommunale ansvaret for lokal legevakt, men kome inn der pasienten elles ville måtte visast vidare til spesialisthelsetenesta for enklare undersøkingar/behandlingar. Ordninga vil fungere som eit intermediærtilbod i pakt med intensjonane i samhandlingsreforma, seier Breidablik.

Avdelinga skulle etter planen leggjast ned i løpet av 3. kvartal neste år. Avviklinga vart i juni framskunda under eit styremøte.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.