Avtale for Havyard

Havyard Group sitt verft i Leirvik har fått på plass avtale om finansiering av prosjekta dei held på med, melder nett.no. Verftet har slite økonomisk, men no har reiarane og kreditorane garantert for pengane som må til for å byggje ferdig fem hybridferjer til Fjord1 og ein stor brønnbåt. Dei fem ferjene skal leverast over nyttår.

Havyard Hyllestad i Leirvik
Foto: Elise Kvien / NRK