Avsluttar søket i Jølstravatnet

Politiet avsluttar i dag søket etter den sakna mannen i Jølstravatnet, skriv Bergens Tidende. Politiet og arbeidarane hevingsfirmaet er i gang med å rigge ned utstyret. – I dag blir den siste dagen i denne omgang. Så får vi vurdere andre tiltak seinare, seier Sunnfjord-lensmann Dag Fiske til avisa fredag føremiddag. Bilen vart teken av ei ras under ekstremvêret i sommar og sjåføren, ein mann i 50-åra, er sakna. Familien hadde håpa at funnet av ein større metallgjenstand denne veka skulle vere bilen, men det viste seg å ikkje vere bilen. – Det var tunge nyheiter å få, men det var ikkje heilt uventa, sa familien sin talsmann, Kjell Otto Gjesdal, til NRK i går.

Flåte i Jølster
Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK