Hopp til innhold

Avsluttar søket etter Charlotte

Overflatesøket etter Charlotte Moene på Årdalsvatnet vert no avslutta, skriv Porten.no.

Søk i Fardøla
Foto: Steinar Lote / NRK

Det var i byrjinga av juli i år at Charlotte Moene vart meldt sakna frå heimen sin i Øvre Årdal.

Sidan det har det vore søkt iherdig av både frivillige og det offentlege. Der har vore søkt både i terrenget, i elva og på vatnet. Både dykkarar, miniubåtar og svenske likhundar har vore brukt i søket.

Leiteaksjonane har diverre vore resultatlause. Og no vert og dei frivillige overflatesøka på vatnet avslutta.

Takkar for innsatsen

- Me vil takke alle som har stilt opp, og set stor pris på den jobben som er gjort. Den frivillige innsatsen har betydd utruleg mykje for familien til Charlotte, seier Helge Rørvik til Porten.no.