NRK Meny
Normal

Her klør dei seg i hovudet over sviktande resultat - Kjerpeset avsluttar sesongen

JESSHEIM (NRK.no): Trass soleklart NM-gull på 400 meter hekk; Øyvind Strømmen Kjerpeset får det ikkje til å stemme. No gler han seg til at nedtursesongen er over allereie i morgon.

Trenar Eystein Enoksen og Øyvind Strømmen Kjerpeset

LEITER ETTER SVAR: Trenar Eystein Enoksen og Øyvind Strømmen Kjerpeset har bestemt seg for å avslutte sesongen, og heller bli frisk og starte førebuingane til neste år.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg gler meg veldig til i morgon. Då er sesongen endeleg slutt. Og det skal bli godt å bli frisk - og å kunne gå frå kjøkkenet til stova utan å grue meg, seier Kjerpeset.

Han har akkurat vunne NM-gull på 400-meter hekk. Ned til sølvet er det eit hav av tid - faktisk nesten fire sekund (!). Kjerpeset kunne ha vore i strålande humør. Men er det ikkje.

For tida 51,21 sekund er veldig mykje svakare det hekkeløparen er god for. Til samanlikning er den norske rekorden hans på 49,95...

– Eg er ikkje i form, og slik har det vore i heile år. Eg kjenner meg heilt hjelpelaus på slutten, seier 22-åringen frå Florø.

Har vore skada heile sesongen

Det er akkurat eitt år sidan Kjerpeset krona ein fantastisk sesong med å ta ein historisk kongepokal heim til Sogn og Fjordane. I år skulle han toppe det heile med å senke norgesrekorden og ta medalje i EM.

Slik gjekk det ikkje. Kjerpeset har slite med ein skade under foten gjennom heile sesongen. Under NM var målet å forsvare Kongepokalen. Det kan han truleg berre gløyme.

– I fjor kjende eg meg sterk. Eg kunne berre pløye gjennom dei siste hundre metrane. I år er eg heilt hjelpelaust, seier ein tydeleg oppgitt sunnfjording.

Han held fram:

– Eg har vore skada heile sesongen. Eg må berre skulde på det. Det er den einaste forklaringa eg har.

– Har gjort eit heiderleg forsøk, men...

Kjerpeset understrekar at han er glad for NM-gullet, som betyr mykje for den ambisiøse sprinteren. Samstundes synest han det er fortvilande å kjenne at han har mykje inne, men ikkje å få det ut.

Søndag skal han truleg delta på 200-meteren i NM. Deretter set han punktum for sesongen. No er det viktig å bli frisk så raskt som råd. - både for å kunne trene seg tilbake i toppen, og for å kunne fungere betre i kvardagen.

– Det er ein del stemne på hausten for dei som er i form. Men no vil eg starte med blanke ark. Eg gidd ikkje skvise ut fleire middelsløp, seier Kjerpeset.

– Burde du ha avslutta sesongen tidlegare?

– Det er mange som meiner det. Men når ein har vore god og byrjar å slite, så dukkar det opp mange med gode råd. Likevel er det eg som kjenner føtene mine og som må få bestemme. Og eg har gjort eit heiderleg forsøk, men det gjekk ikkje, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset saman med far Tom Kjerpeset

FRUSTRERT: Øyvind Strømmen Kjerpeset tok eit soleklart NM-gull på 400 meter hekk, men var langt frå nøgd med prestasjonen. Her saman med far Tor Kjerpeset etter løpet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Villig til å ofre innandørssesongen

Etter gull-løpet sprang han rett bort til pappa Tor Kjerpeset, som sat ringside og såg sonen springe. Der fekk han lufta frustrasjonane sine.

Deretter vart det tid til ein kort analyse av løpet saman med trenar Eystein Enoksen. I fellesskap kom dei fram til at tempoet fram til den åttande hekken var på norgesrekord. Så vart det bom stopp.

Og slik har det vore også tidlegare denne sesongen. Som på Bislett Games.

– Ja, det er det samme mønsteret. Han må bli meir stabil. Men berre vent; neste år er han tilbake på internasjonalt topp nivå, seier Enoksen.

– Han har ikkje fått trent godt nok i år på grunn av skaden. Vi har gjort så kunne vi kunne, men det har blitt altfor lite hekkspesifikk trening, forklarer han.

Sjølv er Kjerpeset klokkeklar på éin ting:

– No skal eg ikkje springe før foten er heilt fin. Eg er villig til å ofre innandørssesongen for det, seier han.

– Kongepokalen er vel også utanfor rekkevidde...

– Eg vil ikkje ha den no. Ikkje etter eit så elendig løp, seier Kjerpeset.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy