Avslutta søk utan funn - kjem ikkje til å leite meir

Trass i sju dagar med søk har ein ikkje funne spor av mannen i 20-åra som er sakna i Erdalen i Oppstryn. Politiet avsluttar leitinga, og kjem ikkje til å ta opp att søket utan nye opplysningar i saka.

Søker etter ustabil mann i Erdalen i Oppstryn

NYTT SØK: Ei mindre gruppe leitar framleis etter den sakna mannen i Erdalen i Oppstryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mannskap frå politi, kjentmenn og ekvipasje frå Norske Redningshundar samt eit helikopter har heile laurdag søkt etter den sakna mannen i Erdal i Oppstryn.

Alle moglege spor etter den sakna er no sjekka ut, utan at det har gitt funn i saka.

I ei heil veke har mange titals menneske leita etter mannen i 20-åra, som førre laurdag truga til seg ein bil på Strynefjellet med kniv og køyrde i retning Erdalen i Oppstryn.

Mannen vart rekna som ustabil, og politiet bad då folk i området om å halde seg innandørs.

Var ikkje kledd for kulde

Bilen som mannen truga til seg vart funnen att i Erdal, men sidan har det ikkje vore sett spor etter mannen.

Mannen var ikkje godt kledd for å vere utandørs, og etter ei veke med temperaturar ned mot minus 15 – 20, er det ikkje lenger håp om å finne vedkommande i live.

Leitemannskap har denne veka leita nøye i området, og fredag gjekk dei også manngard, utan å gjere funn.

– Den leitinga som går føre seg i dag kan ikkje kallast manngard. Området vi leitar i vert også mindre og mindre, seier Rimmen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politi og leitemannskap står heilt utan spor etter 20-åringen som laurdag truga til seg ein bil på Strynefjellet og sidan køyrde til Erdalen i Oppstryn. 
Det har vore svært kaldt i dalen dei siste dagane, og mannen var ikkje kledd for fjellet.

Står utan spor etter sakna knivmann

Gjer grundige terrengsøk

Det er ikkje leita opp att i område som allereie er gjennomsøkte.

– Vi gjer grundige søk i terrenget, og så får vi ta ei vurdering om vi har vore over alt, seier Rimmen.

Leitemannskapa er no komne heilt inst i dalen.

– I dag leitar dei i området opp under breen, seier Rimmen.

Han veit førebels ikkje om det vil bli leita også i morgon, dersom det ikkje blir gjort funn i dag.

– Vi må gjere opp status i ettermiddag når vi får snakke med dei som er ute i terrenget. I dag er det gode leiteforhold, det er skyfritt, ingen nedbør og 10–12 minusgrader, seier Rimmen.