NRK Meny
Normal

Ingen nye lag blanda seg inn i teten i Klassequizen

Elevane frå Vågsøy skule såg nok føre seg ei heilt anna avslutning på dei innleiande rundane av Klassequizen enn dei fekk.

Vågsøy skule i klassequizen: Silje-Maria Midthjell, Odd-Erik Hopland Aare og Mathias Heggelund.

AVSLUTTA: Vågsøy skule, ved Silje-Maria Midthjell, Odd-Erik Hopland Aare og Mathias Heggelund, var siste skule ut i Klassequizen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For som siste skule ut før semifinalen, fekk Odd-Erik Hopland Aare, Mathias Heggelund og Silje-Maria Midthjell tre poeng på dei 12 spørsmåla.

– Det var veldig skuffande. Det verste var å bomme på Justin Bieber og Nokas-ranet, seier Midthjell og ristar oppgitt på hovudet.

– Vanskeleg førebuing

For blant spørsmåla skulle dei fram til kva stjerneteikn Bieber er fødd i, og kva by Nokas-ranet fann stad. For å vere med i kampen om ein plass i semifinalen måtte dei klare ti poeng.

Elevane førebudde seg på datarommet og framfor TV'en med nyhenda.

– Det er jo litt vanskeleg å førebu seg, for vi veit ikkje kva spørsmål vi får. Eg håpar på geografi og historie, sa Midthjell før spørsmåla kom. Hopland Aare kryssa fingrane for sportsspørsmål, aller helst fotball.

– For lite fotball

Men det vart det lite av i første runde, med kategorien ur. Her vart det null poeng, og med tre poeng på dei neste to kategoriane var det ein skuffa gjeng på Vågsøy skule.

Dei var likevel ikkje skuffa over at dei ikkje tukta jamaldringane i Selje og Eid.

– Det vart for lite fotballspørsmål, gliste Hopland Aare og meinte det forklara den låge poengsummen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Selje skule i Klassequizen; Hallvard Hamre, Andreas Hoddevik og Merete Flataker.

SJU POENG: Med sju poeng la Hallvard Hamre (f.v.), Andreas Hoddevik og Merete Flataker rivalane frå Vågsøy bak seg på fylkeslista.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sju poeng til Selje

For medan regnet hølja ned utanfor Selje skule, svara Hallvard Hamre, Andreas Hoddevik og Merete Flataker rett sju spørsmål i morgonsendinga.

– Målet er å gjere vårt beste, og vi håpar å vinne, sa Hoddevik. Trioen vart skuffa over å ikkje blande seg inn heilt i teten med Flatbygdi skule (11 poeng) og dei fem skulane med ti poeng.

– Vi hadde venta betre innsats. Dette med Dragseidet var verst å bomme på. Det er jo eit lokalt spørsmål, sa Hoddevik.

Spørsmåla Selje fekk:

Runde 1 - Ur

  • Kva er eit anna namn på innuittane på Grønland? Rett svar: Eskimo
  • Klokkeprodusenten Rolex har hovudkontor i Geneve. I kva land? Rett svar: Sveits
  • Kva heiter samen som har vunne fleire meisterskap i motorcross? Rett svar: Ailo Gaup
  • Klokka 0338, den første januar kom årets nyttårsbarn til verda på Førde sentralsjukehus. Kva kommune kjem foreldra frå. Er det Førde, Sogndal eller Eid? Rett svar: Sogndal

Runde 2 - tung

  • Kva for ein musikksjanger er det norske bandet Mayhem kjend for? Rett svar: Black Metal
  • Dersom ei jernplate veg 1,3 tonn, kor mange gram veg den? Rett svar: 1,3 millionar gram
  • Kva var det sabotørane på Rjukan ville ta frå tyskarane under andre verdskrig: Rett svar: Tungtvatn
  • Den tidlegare leiaren i Norsk Fiskarlag, Nils Myklebust, risikerte i 2010 å måtte slutte som fiskar. Kvifor? Rett svar: Han var i ferd med å bli overvektig

Runde 3 - spor

  • Kven har skrive om jantelova i boka En flyktning krysser sitt spor. Er det Aksel Sandemose, Arnulf Øverland eller Johan Borgen? Rett svar: Aksel Sandemose
  • Kva blir ein sporhund som leitar etter menneske i eit snøras kalla? Rett svar: Lavinehund
  • Kva er forkortinga for arvestoffet som blir brukt som bevis i straffesaker? Rett svar: DNA
  • På Dragseidet på Stadlandet er det spor etter ein av dei eldste vegane i Sogn og Fjordane. Der heldt ein konge ting i år 997. Kva konge var det? Rett svar: Olav Trygvasson

Spørsmåla Vågsøy fekk:

Runde 1 - krim

  • Kva heiter den britiske forfattaren som skreiv om Hercule Poirot? Rett svar: Agathe Christie
  • Kva for ein by skjedde NOKAS-ranet i 2004? Rett svar: Stavanger
  • Kva er etternamnet på dei fire lovlause brørne i teikneserien Lucky Luke? Rett svar: Dalton
  • I 1931 forliste den britiske trålaren Venus på Kvalheimsvika i Vågsøy. Kva var trålaren lasta med? Rett svar: Brennevin/smuglarsprit


Runde 2 - røyk

  • Kva heiter den vaneskapande gifta i tobakk? Rett svar: Nikotin
  • Kva for ein dato blir St.hansaftan feira? Rett svar: 23. juni
  • Kva heiter området i Tyskland som er kjend for kål og stålindustri. Ruhr, Saxen eller Bayern. Rett svar: Ruhr
  • I 1942 vart det starta ei verksemd i Vågsøy som i mange år var prega av røyk og vond lukt. Verksemda er framleis i drift, men no er det mindre røyk og lukt. Kva er namnet? Rett svar: Måløy sildeoljefabrikk


Runde 3 - Canada

  • Frå kva tre kjem bladet frå Canada sitt flagg? Rett svar: Lønn
  • Kva for eit stjerneteikn tilhøyrer Justin Bieber, som har bursdag 1. mars? Rett svar: Fiskane
  • Kva for ein farge er det på jakkene til Canada sitt ridande politi? Rett svar: Raudt
  • Han er frå Bryggja, og tok sølvmedalje i langrenn under Paralympics i Vancouver 2010. Kva heiter han? Nils Erik Ulseth, Vegard Dale eller Helge Flo? Rett svar: Helge Flo
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast