15 spreke damer og ein gut på åtte år trassa kulden og stupte ut i sjøen ved Digreneset. Med berre seks grader i lufta blei det ei kald oppleving.
Men desse damene er vant med dette. Heilt sidan mai 2011 har nymfene bada ein gong i veka. Det starta med at Maria Dypevik og søstera var imponert over ei sprek dame som dreiv med bading heile året.
– Så vi fann ut av vi også ville prøve dette. Vi oppretta ei side på Facebook og inviterte med oss andre, så no er vi ein stor gjeng som badar i lag, fortel Maria Dypevik.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
Ekstra oppstyr
Ho fortel at talet på damer varer frå gong til gong, men at dei i dag var 16 som bada. Kor kaldt det var i vatnet i dag, veit ho ikkje.
– Sidan NRK var på staden for å ta bilete, blei det litt ekstra oppstyr. Dermed gløymde rett og slett å måle temperaturen i dag, ler ho.
– Kvifor driv du og dei andre på med denne bading i all slags vêr og temperaturar?
– Eg blir dregen med, du kjenner suget. Eg berre må uti no, det blir eit adrenalinkick. Vi hadde faktisk med ei ny dame i dag. Det var veldig morosamt og ho kasta seg uti. Det er lett å bli dregen med når vi er fleire.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Feira med sjampanje
Til vanleg tek dei badet på søndagar, men når det er spesielle dagar, så flyttar dei badinga til 17. mai, julaftan og nyttårsaftan. Og sidan det er årets siste dag, valde dei å kle seg ut.
– Vi i Florø har tradisjon med Kjippen, som er eit opptog gjennom gatene på nyttårsaftan. Folk kler seg ut og difor hadde vi på oss masker og kostyme i dag.
Etter badinga var det feiring med sjampanje og kaker. No er blodsirkulasjonen godt i gang og Dypevik er klar for resten av dagen og kvelden.
– No er vi gode og varme og klare for god mat, feiring og Kjippen.
– Skal de halde fram med dette i 2013?
– Ja, dette er heilt topp og eg vil ikkje slutte. Det vil ingen andre av dei andre heller.
Du kan sjå fyldig biletgalleri frå Kjippen på NRK.no 1. nyttårsdag.