Hopp til innhold

Over halvparten av sakene som er politimelde er avslørte i vest

Så langt i år har Vegvesenet politimeld 13 saker der utanlandske transportørar har drive ulovleg transport i Norge. Over halvparten av desse er avdekka i region Vest.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

FIRE AV TRETTEN: Det er politimeld tretten saker på landsbasis der Vegvesenet meiner utanlandske transportørar har drive ulovleg transport i Norge. Fire av desse er avslørte på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

Norges Lastebileigarforbund (NLF) har kritisert Vegvesenet for det dei meiner er alt for slepphendt kontroll av utanlandsk transport i Norge. Det finst strenge reglar, men NLF meiner Vegvesenet ikkje prioriterer denne typen kontrollar.

Ifølgje Vegdirektoratet har det blitt politimeld 13 saker i tidsrommet frå januar til og med 1. november. Over halvparten, sju av desse, er saker som kjem frå region Vest.

Heile fire av sakene er oppdaga av kontrollørane på kontrollstasjonen på Håbakken på E16.

13 saker på 10 månader

Det er strenge og konkrete reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge.

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

Grove brot på desse såkalla kabotasjereglane kan føre til politimelding, og i løpet av dei ti første månadene av 2011 er 13 saker politimelde.

– Vi kontrollere mange

Rådgjevar i seksjon for tilsyn og kontroll, Ellen Sirvåg i Vegdirektoratet presiserer at dette ikkje speglar kontrollvolumet.

– Kontroll i forhold til kabotasjereglane skal skje som ledd i ordinær dokumentkontroll. Det er uansett vanskeleg å seie noko om kor vidt vi er nøgde eller ikkje med talet politimeldingar, seier Sirevåg til NRK.no.

Sirevåg seier at alle aktuelle køyrety som kjem frå EØS-land som blir stogga i ein utekontroll skal kontrollerast i forhold til kabotasjereglane. Det vil seie at det skal kontrollerast kor lenge dei har vore innanfor landegrensene og kor mange turar dei har køyrd innanlands.

Norske transportfirma opplever dagleg konkurranse frå utanlandske konkurrentar. Dei håpar å overleve, trass konkurransen, og meiner difor det er spesielt viktig at den utanlandske transporten skjer innanfor regelverket.

Uklart kvifor det er store skilnader

Av dei totalt 13 sakene på landsbasis er sju av desse saker som er avdekte i region Vest. Fire av sakene er avdekte på kontrollstasjonen i Lærdal, ei på Voss og to i Odda.

Sirevåg vedgår at det er stor skilnad på tal politimeldingar frå dei ulike regionane, men har ikkje noko fullgod forklaring på kvifor.

– Problemstillinga i forhold til utanlandsk transport i Norge er samansett. Det kan vere at det er forskjellige utfordringar i dei ulike distrikta, seier Sirevåg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dag Rykkje

SJU SAKER: Over halvparten av dei politimelde sakene kjem frå region Vest, der Dag Rykkje er avdelingsingeniør.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Har avdekt over halvparten

Sju av 13 saker som har enda med politimelding er altså avdekt i region Vest. Mellom anna har dei politimeldt eit dansk firma tre gonger det siste året.

Norges Lastebileigarforbund er generelt misnøgde med Vegvesenet når det kjem til kontroll av utanlandsk transport i Norge, men har sagt at region Vest verkar å utmerke seg positivt.

– Denne regionen utmerkjer seg positivt samanlikna med andre delar av landet, så vi håpar at andre regionar kan ta etter dei, sa NLF-advokat Robert Aksnes til NRK.no tidlegare i år.

Kan handla om prioritet

Avdelingsingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen, region Vest veit ikkje kvifor regionen har politimeld fleire saker enn andre regionar.

– Region Vest har politimeld over halvparten av sakene totalt. Seier det noko om kven som prioriterer denne typen kontrollar?

– Det kan nok vere eit todelt svar på det. Det kan vere at denne typen kontroll ikkje er prioritert alle plassar, men det kan også vere at det er spesielt mykje såkalla kabotasjetrafikk som går aust-vest, seier Rykkje.

Likevel er han klar på at utanlandske transportørar køyrer innanlands over heile Norge. Fleire av dei som har blitt tekne for ulovleg transport, skal mellom anna ha drive transport innanlands i Nord-Norge.

På spørsmål om han synst 13 saker totalt sett er lite eller mykje, svarar Rykkje slik.

– Eg synst det høyrest lite ut. Vi høyrer rykte om at problemet med ulovleg utanlandsk transport i Norge er stort, men det er vanskeleg å vite om det stemmer, seier Rykkje.

Skjerpa krav til dokumentasjon

Både Vegvesenet sine utekontrollørar og Vegdirektoratet har tidlegare vedgått at reglane for utanlandsk transport i Norge er vanskeleg å handheve.

Frå i sommar har det blitt stilt strengare krav til kva dokumentasjon dei utanlandske transportørane skal ha med seg.

Dei må no kunne dokumentere kor tid dei kom inn over grensa, og kor og kor mange turar dei har gjort innanlands i Norge. Rykkje seier reglane ikkje er kompliserte, men at dei er tidkrevjande å handheve.

Snik seg unna

Samtidig kjem dei stadig ut for at utanlandske transportørar prøver å lure seg unna.

– Det med falske fraktbrev er til dømes brukt. Ein av dei vi stoppa gav oss eit papir som synte at lasset skulle til Litauen. Då vi gjekk innpå bilen såg vi at godset var merkt med Oslo, seier Rykkje og legg til:

– Då vi konfronterte føraren kom han visst plutseleg på at han hadde endå eit fraktbrev. Dette var det korrekte, der det stod at lasset skulle til Oslo.

Rykkje seier dei også er kjent med at transportørar gøymer vekk papir på enkelte av turane. Slik kan det sjå ut som at dei er på sin andre tur innanlands, medan dei eigentleg har køyrd fleire.

Vil ha gjennomgang

Vegdirektoratet vil no ha ein gjennomgang for å finne ut korleis dei som driv med utekontroll føler regelverket fungerer.

– Vi vil vite meir om kor vidt det har blitt enklare etter at kravet til dokumentasjon vart skjerpa, og om det framleis er utfordringar, seier Sirevåg i Vegdirektoratet.