Årsaka er at dopingsaka mot Grimseth ikkje er ferdigbehandla, verken i Det internasjonale vektløftarforbundet eller i NIF.
-På prinsipielt grunnlag vil det vere interessant for
toppidretten nasjonalt og internasjonalt å gjennomføre eit søksmål mot produsentar som ikkje følgjer lovar og reglar, seier ein kritisk idrettspresident Kjell O. Kran.
Han avviser likevel at det er NIF si oppgåve å bidra økonomisk til eit søksmål.
Stor støtte lokalt
Men Grimseth får ein enorm støtte lokalt. I går passerte kronerullinga, som er sett i gang blant kommunar, bedrifter og lag, 100 000 kroner.
Og initiativtakar Anders Ole Sunnarvik er kjempenøgd. Han har no god von om å nå målet på 200 000 kroner.