Hopp til innhold

Har gitt avslag på avslag på avslag

Fleire idrettsbaner og klatreparkar kunne blitt realisert om ikkje spelemidlane var så vanskelege og tunge å søkje om. No vil fylkeskommunen lose lag og organisasjonar gjennom papirmølla.

Godvêr sikrar framdrift på kunstgrasbanene på Hafstad Idrettspark i Førde

UTVIKLING: Hafstadparken i Førde er eitt av anlegga som siste åra er blitt realisert med spelemidlar, men fylkeskommunen er uroa over at kvar tredje søknad får avslag.

Foto: Montasje: Storevik/NRK

I år vart 30 prosent av søknadane for å få spelemidlar til idrettsanlegg avviste fordi dei var for dårlege.

Kristin Sandal i Breimsbygda idrettslag er berre ei av mange som fekk erfare kor tung og vanskeleg det er å komme gjennom papirmølla.

– Eg vart kanskje litt overraska over at det var så enkelt, men så viste det seg at grunnen til at det var så enkelt var at eg hadde gjort det feil, seier ho.

– For mange detaljar

Kristin Sandal

FEKK JA: Med ei hjelpande hand frå fylkeskommunen fekk Kristin Sandal og Breimsbygda til slutt ja på sin søknad om spelemidlar.

Foto: Birger Meland / NRK

Eit idrettslag skal fylle ut og sendast eit utal papir. Og det må vere gjort rett for å unngå avslag.

Pengane dei søkjer om er overskot frå Norsk Tipping, som skal nyttast på idrett og kultur. Dei blir løyvde frå kulturdepartementet. For dei som ikkje har gjort det før, er prosessen tung og ofte svært krevjande.

– Det er rett og slett for mange detaljar å passe på, seier Sandal.

Fekk hjelpande hand

Breimsbygda fekk til slutt godkjent søknadane sine, men det måtte ei hjelpande hand frå fylkeskommunen si side.

Og spelemidlane er livsviktige for lag og organisasjonar som ynskjer å byggje idrettsanlegg eller ballbingar.

– Det er heilt avgjerande for å kunne realisere slik type anleggsutbyggingar. Ein har ikkje høve til å byggje ut store eller små idrettsanlegg utan økonomisk støtte, seier Sandal.

– Naudsynt omstendeleg

Ove Farsund

NAUDSYNT: Ove Farsund meiner den omstendelege søknadsprosessen er naudsynt.

Foto: Halvor Farsund Storevik / NRK

Ove Farsund, leiar i Førde idrettslag, ser at det er mykje som skal til for å få godkjent spelemiddelsøknaden sin.

Han trur likevel at det er viktig at søknadsprosessen er omstendeleg.

– Vi må erkjenne at den ordninga vi har i dag er naudsynt omstendeleg. Det er mykje arbeid med det, men det er snakk om mykje pengar. Så eg trur alle er tente med at prosessen er som i dag, seier han.

Vil tilby kursing

Atle Skrede

VIL KURSE: Atle Skrede er rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Når 30 prosent av søknadane får avslag, tapar idretten i Sogn og Fjordane millionar av kroner. Dette gjer Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen uroleg.

Difor vil dei setje opp ekstra kurs til dei som treng å bli losa gjennom alle papira.

– For å sikre at søkjarar har all kunnskap om den dokumentasjon dei må ha på plass, i høve til finansiering, ulike godkjenningar, rett til bruk av grunn og så vidare. Dess fleire søknader vi får gjennom systemet til departementet, dess større blir rammetildelinga til fylket, seier Skrede.