Hopp til innhold

Avlyser tradisjonsrikt langrenn

Arrangørane håpa i det lengste, men no er det avgjort: Årets utgåve av Ribberennet på Langeland blir avlyst.

Ole Johan Hegrenes

GAV ALT: Ole Johan Hegrenes og arrangørstaben bak Ribberennet håpa i det lengste, men måtte gje tapt mot vêrgudane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter nøye vurderingar onsdag ettermiddag avgjorde juryen å avlyse det tradisjonsrike langrennet.

Løypesjef Ole Johan Hegrenes seier det var for lite og for blaut snø til å kunne arrangerer rennet i dag.

– Då vi kom til anlegget onsdag var snøen fast, men så blautna det opp på ettermiddagen. Då vi prøvde med maskina utpå ettermiddagen kom vi nedpå, seier han.

Opning i helga

Vinnarar Ribberennet

VANN I FJOR: Bertine Thorsnes Lefdal (NTG/Bjørn) og Gjøran Tefre (Førde/NTG) vann ribberennet i fjor. I år blir det ingen vinnar av det tradisjonsrike langrennet.

Foto: Oddmund Lefdal

Sjølv om ein prøvde å spa snø inn i sporet, var forholda for vanskelege til at startskotet kunne gå i dag klokka 13.

– Vi hadde jo bestemt oss for å prøve, men med så lite snø oppå så var det ikkje meir å gjere. Med det vêret som har vore i går kveld og i natt, så reknar eg ikkje med at det ser noko betre ut i dag, legg Hegrenes til.

Opninga av den lokale konkurransesesongen i langrenn skjer dermed i Vik førstkommande laurdag. Då er det duka for sprintstafett på Vik Skisenter.