Hopp til innhold

Økonomien tek knekken på julekosen

Lærdal kommune avlyser julebordet i år. Grunnen er ein svært pressa økonomisk situasjon.

Julebord

ØKONOMI: Lærdal kommune avlyser julebordet i år. Tøffe økonomiske tider for kommunen, gjer at det ikkje blir julebord for dei 290 tilsette.

Foto: Matprat.no

– Det kostar ein del med eit julebord. Etter ei samla vurdering har vi funne ut at vi ikkje kan prioritere å bruke pengar på det, seier Reni Herland til NRK.

Ho er personalleiar i den hardt pressa kommunen.

Tøft økonomisk år

For det har vore eit tøft økonomisk år for Lærdal. Kommunen har mellom anna vore nøydde til å seie opp tilsette. I tillegg fekk ikkje dei som no er 10.-klassingar ved Lærdalsøyri skule støtte til den årlege fotturen til Jotunheimen.

Herland seier at det også ligg ein symboleffekt i avlysinga av julebordet.

– I tunge økonomiske tider, og i eit år der vi måtte gå til nedbemanning, meiner vi det ikkje er rett å bruke pengar på julebord, seier personalleiaren.

Storbrannen i januar har vore med å leggje ytterlegare press på kommuneøkonomien. Men Lærdal var allereie før brannenROBEK-lista over kommunar som slit økonomisk.

– Trist at vi ikkje arrangerer

Kommunen har rundt 290 tilsette, noko som gjer julebordet til eit av dei største i Lærdal. Sjølv om ikkje alle møter på julebord, vil det koste mykje pengar, seier Herland.

– Det vil koste mellom 600 og 800 kroner per person.

Avgjerda om å avlyse julebordet er teke av administrasjonen, og skal ikkje handsamast politisk i kommunestyret.

– Kunne ikkje ein fest vere med å betre stemninga og moralen blant tilsette i ein vanskeleg situasjon for kommunen?

– Det er trist at vi ikkje arrangerer julebord akkurat no. Mange har gjort, og gjer framleis, ein kjempeinnsats dette året. Men likevel: totalt sett tenkjer vi det vanskeleg å forsvare å bruke pengar på eit julebord når økonomien er slik han er, seier Herland.

Kommunen vil prøve å få til eit julebord neste år.