Hopp til innhold

Avliva fire jervar på to dagar

Den siste veka har det blitt skote fire jervar i indre Sogn.

Jerv i Sogn

AVLIVA: Dette er dei to ungane som blei drepne i Mørkridsdalen tysdag.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen

Regional rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier dei har teke jervane etter eit vedtak i direktoratet for naturforvaltning. For det er meir jerv i distriktet i år enn i fjor og bøndene har vore uroa for dyra sine.

– Jervestammen i indre Sogn skal regulerast og vi har no teke nokre av jervane, seier han til NRK.no.

Avliva to ungar

Måndag blei ein hannjerv drepen i Gravdalen i Årdal. Dette er ein sidedal til Utladalen.

– Søndag oppdaga vi ei tispe som hadde ungar i Mørkridsdalen. Det blei sett på radiosendar og tysdag blei den spora opp. Ungane blei funne og avliva, det same blei mora.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jervetispe i Mørkridsdalen

DØD JERV: Jervetispa blei funnen og avliva.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen

Vanskeleg for sporhundane

Frå før har dei dei drepe ein hann, som no er til saman fem jervar avliva. Golf fortel at det har vore vanskelege forhold i fjellet i det siste.

– Det har vore skiftande ver i fjellet og vi har hatt korte periodar med sporhundsforhold. Det blei varmt og hardt i fjellet, og då mister vi moglegheita til å spore jervane.

SNO har no teke dei jervane dei fekk løyve til. Det er opp til direktoratet å bestemme om fleire må bøte med livet.

Skal samanlikne DNA

Det er tidlegare funne ekskrement frå to hannar og to tispar. Golf veit ikkje om dette er frå nokre av dei dyra som no er avliva,

– Når vevet blir analysert på desse dyra, vil det vise seg om det er same DNA-profil som på avføringa vi har funne, seier han.

Sankelaga i området har vore uroa for dyra sine når det er jerv i området. Golf trur dei no er positive etter at det har blitt færre jervar.

– Det kan bli mindre skade kommande sesong, men det kan også endre seg til sommaren og hausten. Jerv kan vandre over frå andre fylke, så det er vanskeleg å seie korleis sesongen blir.

Jerv i Gravdalen i Årdal

JERVEJAKT: Her frå Gravdalen i Årdal.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen