NRK Meny
Normal

Avistilsette fryktar kutt

Dei tilsette i Firda og Firdaposten fryktar følgjene av innsparingsforslag i A-pressa. Eit utval føresler å kutte 200 årsverk dei næraste åra, mellom anna ved å sentralisere annonseproduksjon og sentralbord.

Avishuset Firda.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Som avis prøver vi å vere nær og tett. Det er målsetjinga for redaksjonen. Når A-pressen gjennom denne rapporten signaliserer sentralisering av funksjonar som er vesentlege for å vere nære, så synest vi det er urovekkjande, seier klubbleiar i Firda, Svein Heggheim.

Heggheim får støtte frå kollega Jon Sørland, klubbleiar i den andre A-presseavisa i fylket, Firdaposten.

- Vi må ikkje lage fjerne aviser, for det vil undergrave lokalavisene, meiner han.

- Større avstand

Rapporten legg ifølgje dagens Næringsliv opp til å flytte journalistar frå avis til nett, redusere 50 årsverk i støttefunksjonar som leiing, vaktsjefar og typografar som følgje av meir effektiv produksjon av avissidene. Og så skal ein spare inntil 50 årsverk i konsernet på å samordne kundesenterfunksjonar. Det er ikkje sagt noko konkret om kva som skal skje i Firda og Firdaposten, men Sørland er klar:

- Viss kundesenteret vert fjerna vil det føre til større avstand mellom kundane og den som skal behandle kunden. Det er jo ikkje positivt.

- Artig situasjon

Å sentralisere sentralbord har skjedd i mange organisasjonar og bedrifter siste åra. Sørland har denne reaksjonen på at det no også kan skje i hans avis.

- Vi har skrive mange artiklar om det, så det skal jo verte morosamt å skrive artiklar om våre eigne kundar som ikkje får kontakt med avisa.

A-presseavisene har frist til 2. juni med å meine noko om det som er føreslege før konsernleiinga bestemmer seg.