Hopp til innhold

Stadig færre kjøper papiraviser - Firda åleine mista over 500 abonnentar i fjor

Opplagstala til alle avisene i fylket går nedover. Avisa Firda åleine hadde 500 færre betalte abonnement i 2013.

Created by InfoDispatcher

FORVENTA: Redaktør i Firda, Yngve Årdal, seier han forventa ein nedgang i talet papiropplag. No trur han dei må satse meir på den digitale plattforma for å nå fleire lesarar. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

– Nedgang i papiropplag var forventa, men 506 var kanskje i meste laget. Det som gler oss er at vi har 48.000 lesarar til saman på papir og nett. Lesarane brukar framleis Firda, og det er det eg legg vekt på, seier redaktør i Firda, Yngve Årdal.

I dag kom avistala for 2013. Firda er den største regionale avisa i Sogn og Fjordane, og det har vore ein raskare og større nedgang for avisa i 2013 enn det har vore tidlegare år. Tilbakegangen er i overkant av fire prosent.

– For Firda sin del er det ein av dei største tilbakegangane, men ser ein bransjen under eitt, så er det betre enn det avisene gjer nasjonalt. Difor må vi berre akseptere tala og jobbe for å bli betre på papir, men lesarane flyttar seg frå papir til digitalt, så det er viktig for oss å utvikle den digitale publiseringa også, seier Årdal.

Vurderer betaling

Årdal trur det blir vanskeleg å stogge nedgangen i talet papiraviser.

– Vi må nok tilpasse papirproduktet og gjere litt om på det. I tillegg må vi ha eit digitalt innhald, seier han.

For tradisjonelle papiraviser som dei, har dei for få yngre lesarar som oppsøkjer papiravisa, noko som er utfordrande for dei. Dei trur då at den digitale plattforma er rette staden for å nå denne målgruppa. Noko dei vil satse på framover.

– Mange større aviser har begynt med betaling også for nettavisa, og det er også noko vi har tenkt på og hatt til vurdering. Eg ser ikkje bort frå at det kjem til å skje, men spørsmålet er vel heller når det skjer, seier Årdal som ikkje kan svare på når dette eventuelt blir.

Han ser at ved å starte med betaling for nettet, lukkar dei også ute ein del lesarar som tilfeldigvis oppsøkjer dei. Så det blir ein del vurderingar å ta framover for avisa.


(Artikkelen held fram under tabellen)

Opplagstal avisene i Sogn og Fjordane 2013

Aviser

Netto opplag

Laussal

Abonnement

Tilbake

Sogn og Fjordane

42,331

1887

40,444

-1397

Firda

11,972

444

11,528

-506

Firda Tidend

3,027

146

2,881

-21

Firdaposten

4,977

287

4,690

-137

Fjordabladet

2,626

132

2,494

-71

Fjordnes Tidende

4,775

289

4,486

-242

Fjordingen

3,979

131

3,848

-141

Sogn Avis

9,441

295

9,146

-257

Ytre Sogn Avis

1,534

163

1,371

-22

Tal frå mediebedriftenes landsforening, 2014.

Vil ikkje kutte talet utgåver

I dag kjem avisa ut seks gonger i veka, og Årdal har ingen planar om å kutte talet utgåver no med ein gong.

– Eg veit at fleire aviser vurderer frekvensen for å flytte ressursar over til digital plattform. Ein vesentleg del av kostnadane til avisene er jo trykkekostnadane. Distribusjonen er blitt ganske dyr etter kvart, så difor er det ein del av det kostnadsbiletet vi må ha med oss.

Trenden nasjonalt er at dei ultralokale avisene som gjerne berre har tre aviser i veka klarar seg betre enn dei lokale dagsavisene. Årdal trur det skuldast at dei har få kommunar å konsentrere seg om og er difor veldig gode i sine kommunar, medan dei no har 12 kommunar dei prøver å vere i.

– Difor kjem vi ikkje heilt ned på detaljnivå som dei ultralokale avisene vil gjere, men dei har igjen meir å gjere på den digitale sida, seier han.

Tapar inntekter

Også den litt mindre nordfjordavisa Fjordingen har nedgang.

– Vi opplever ein nedgang i betalte abonnement på 141 eksemplar. Samstundes har vi måling på lesartal, og der har vi gått opp med 1000 opp til 14.000. Ein kan gjerne seie at det er færre som kjøper avisa, men fleire som les, seier redaktør Bengt Flaten.

Avistala for Fjordingen viser ein nedgang på 3,5 prosent siste året.

– I forhold til dei større avisene er dette sånn midt på treet, men ein kvar nedgang er kjedeleg. Det betyr tapte inntekter, og det er aldri ein ønska situasjon at det betalte opplaget fell, seier Flaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Avisene i Sogn og Fjordane

NEDGANG: Avisopplaga går ned for alle avisene i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Må tenkje totalitet

Avisene har slite i fleire år med at lesarane vel vekk papirutgåvene til fordel for nettet.

– Så oppslutninga til avisa er for så vidt god, men det er færre som abonnerer eller som kjøper den i laussal, seier Flaten.

Det betyr at avisa har mindre abonnementsinntekter.

– Det utfordrar oss til å tenkje økonomi, totalitet i korleis vi skal drive avis og til å prøve å tenkje effektivitet. Det er journalistikken vi lever av og som vi skal vere gode på, noko som alltid vil vere hovudmålet vårt anten vi publiserer på papir eller på nett, seier han.

Talet daglege lesarar på nett og mobil har likevel gått ned for fleire av dei lokale nettavisene. TNS Gallup, Forbrukar og media har i 2013 intervjua personar over 12 år per telefon for å komme fram til desse tala.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Daglege lesartal for nett og mobil

Nettavis

Lesarar 2012

Lesarar 2013

 

 

Firda (firda.no)

22,000

25,000

 

 

Fjordenes Tidende (fjt.no)

5,000

4,000

 

 

Firdaposten (firdaposten.no)

7,000

6,000

 

 

Sogn Avis (sognavis.no)

11,000

10,000

 

 

nrk.no/sognogfjordane

20,000

38,000

 

 

Tal frå TNS Gallup, Forbruker og media, 2014.

Auka nettinteresse

Interessa for nettutgåva til Fjordingen har auke det siste året.

– Vi ligg no på rundt 11.000 såkalla unike brukarar eller lesarar i veka, og det er tal som har vore stigande. Så vi opplever ein god oppslutnad rundt Fjordingen sine produkt, seier Flaten.

Likevel er det ei utfordring for avisa når det gjeld økonomi og betalingsvilje. Dette gjeld ikkje berre for avisa Fjordingen, men er ei stor utfordring for heile bransjen.

I tillegg til at mange les avisa på avisa sin nettstad, trur Flaten at mange også les avisa på arbeidsplassen eller deler på avisa.

– Så det kan vere noko av årsakene til at sjølve opplagstalet går ned, medan lesartala går opp. For meg som redaktør med redaksjonelt hovudfokus er dette ei stadfesting på at avisa fungerer godt i lokalsamfunnet i Nordfjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bengt Flaten

FLEIRE LESARAR: Sjølv om opplaget går ned, fortel redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, at lesartala på nett har gått opp, men det hjelper lite på økonomien.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skil innhaldet

Men sjølv om avisa har mindre opplag, kostar det også å produsere for nettsida.

– Vi betaler jo løn til journalistane våre og for annonseseljarane våre, så det er sjølvsagt ei utfordring. Det vi prøver å skilje er kva vi gjer på papir og kva vi gjer på nettet. Så vi prøver å gje dei som betalar for papiravisene våre eit betydeleg fyldigare innhald, og kanskje ha lettare, kortare saker på nett, fortel Flaten.

– Er betalingsløysingar på nett aktuelt for dykk?

– I konsernet vårt vert det gjort vurderingar på ulike former for betalt innhald, men for dei mindre lokalavisene har ikkje dette vore noko stort tema enda. Kva som kjem i framtida er vanskeleg å spå. Mediebransjen er inne i eit skifte med stadig auka fokus på det digitale, avsluttar Flaten.

Trur på ei framtid

Firda har eksistert i 95 år, og vi vil halde fram med å levere innhald til lesarane våre, men eg er litt uroa for papiravisa. Alle som held på med det, tenkjer at det må ei endring til, seier Firda-redaktør, Yngve Årdal.

– Så lenge vi har eit innhald, så har vi ei framtid, seier Årdal.