NRK Meny
Normal

– Det er ein strålande dag for oss

For Sogn Avis er opplagstala ein stor opptur. – Det blir kake på medarbeidarane, og redaksjonen er full av blide folk, seier redaktør Jan Inge Fardal.

Jublar for solid opplagsauke

FORNØGDE: Dei tilsette i Sogn Avis kan meske seg med kake i redaksjonen etter solid opplagsauke.

Foto: Sogn Avis

Avisene i Sogn og Fjordane mistar lesarar til papiravisa (sjå tabell nede i teksten) syner tal som vart lagt fram i dag. Men ikkje i Sogn Avis. Der kan dei juble over ein vekst på 100 eksemplar kvar dag.

– Det er eg strålande fornøgd med. Dette er flotte tal for oss. I ei verd der nesten alle opplag på aviser går ned så går vi fram med 100. Det er grunn til å feire med kake og smil i redaksjonen i dag, seier Jan Inge Fardal entusiastisk og energisk.

Opplagstal for aviser i Sogn og Fjordane 2015

Avis

Netto opplag 2015

Netto opplag 2014

Endring netto opplag

Firda

10 809

11 634

- 825

Firda Tidend

2 921

2 977

- 56

Firdaposten

4 657

4 871

- 214

Fjordabladet

2 458

2 579

- 121

Fjordenes Tidende

4 566

4 648

- 82

Fjordingen

3 797

3 863

- 66

Sogn Avis

9 155

9 055

100

Ytre Sogn

1 490

1 556

- 66

Opplagstal for aviser i Sogn og Fjordane 2015

Ikkje like lystig lesnad i Firda

Like positivt er det ikkje for avisa Firda som har mista 825 aviser kvar dag. Redaktør Yngve Årdal likar ikkje tala han ser.

Jan Inge Fardal

SPANDERER KAKE: Redaktøren i Sogn Avis tar på seg spanderbuksene i dag, og serverer kake på redaksjonen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er litt stygge tal. Det må eg vedgå, seier Årdal.

Han meiner overgangen til betalingsmur har vore nådelaus mot avisa.

– Innføringa av betalingsløysing med endring av abbonementstypar, slo veldig uheldig ut for oss. Samtidig ser vi no ein fin oppgang frå i haust så vi ser no i februar at vi har hundre fleire i opplag i februar enn vi hadde på same tid i fjor.

Han skuldar rett nok ikkje heilt betalingsordninga som forklaring på dalande opplagstal. Men avisa var tidleg ute med å innfør ordninga, og i ettertid har dei andre avisene komme etter.

Yngve Årdal

MINDRE I OPPLAG: Firda-redaktør Yngve Årdal synest ikkje opplagstala er gledeleg lesnad.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

– Då ser vi at fleire er i ferd med å komme tilbake til oss. Men vi må levere innhald, for viss vi ikkje gjer det og folk ikkje vil betale for oss, så er ikkje vi relevante for folk og då taper vi.

– Må snakke positivt om papiravisa

Fardal i Sogn Avis meiner avisene på papir vil overleve lengre enn spådd.

– Framleis er det slik at vi lever mest og best på papir. Det er der vi har inntekter på annonsar og opplag. Då er det kjekt at lesarane vil ha oss i postkassen og er fornøgde med det dei les. Det er kjempekjekt.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane

FÆRRE LESARAR: Papiravisene i fylket mistar lesarar. Verst er nedgangen for avisa Firda som hadde ein tilbakegang på 825 i opplag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fardal trur opplagstala vil variere framover, og gje ulike variasjonar frå år til år.

– Vi må slutte å snakke ned papiravisene, vi må vere opptekne av papiravisa. Så viss vi seier at det går dårleg med papiravisa, så vil lesarane tru på oss. Vi må tilpasse oss den digitale verda, samtidig som vi har papiravisa.

Noko av nøkkelen til suksessen til Sogn Avis sin suksess ligg i at dei har satsa på ungt stoff.

– Vi har hatt konkret og bevisst satsing på unge lesargrupper. Vi har faste element som er retta inn mot dei unge lesarane. Eg trur vi er meir relevante for mange unge enn før. Men eg trur ikkje dette betaler seg i abonnentar enno.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser