Hopp til innhold

Avhøyrer vitne etter dødsbrann

Politiet er no i gang med etterforskinga etter brannen i Sogndal. Natt til sundag omkom ein mann og mange blei evakuerte då det byrja å brenne i bustadblokkene på Ulvahaugen i Sogndal. Mellom anna skal brannalarmen i fellesareala ikkje ha fungert. Straffesaksansvarleg i Sogn lensmannsdistrikt, Christian Algrøy-Vegheim, seier det er for tidleg å spekulere i kva som har skjedd, men at dei er i gang med å avhøyre vitne.

Brann på Ulvahaugen i Sogndal
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / porten.no