Hopp til innhold

Sogningane Jesper og Eli held hjula i gang for studentane under Vekao

(SOGNDAL, NRK.no) Eli frå Hafslo, Jesper frå Sogndal og over 150 andre ofrar lett mange timar fritid for å sørge for at Vekao i Sogndal skal gå av stabelen etter planen.

Eli Høyheim og Jesper Nondal

JOBBAR GRATIS: Eli Høyheim frå Hafslo og Jesper Nondal frå Sogndal er to av dei som jobbar mange timar gratis for å få til studentveka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg sit i styret for Vekao og alt i styret er basert på frivillig arbeid og eg har hatt ansvar for sponsorar og marknadsføring. I løpet av sjølve Vekao skal eg ha to kveldar der eg jobbar på huset og passar på at alle har det fint, både dei som jobbar og gjestene våre, fortel Eli Høyheim og smiler.

Det har blitt søndag ettermiddag og stemninga i den eine av barane på studenthuset Meieriet i Sogndal er avslappa. Det er berre timar sidan 50 Cent-kompis Lloyd Banks dundra rytmane sine utover dansegolvet.

– Stemninga var bra da også ja, ler Eli.

Jobbar mange timar gratis

Jesper Nondal er også frivillig under Vekao. Samfunnsfag-studenten er fødd og oppvaksen i Sogndal, og aldri i tvil om at han ville ta utdanning i heimbygda.

– Når du er lokal og skal gå på ein skule som er lokal, då er du litt avhengig av å kome deg inn i miljøet, slik at du ikkje berre blir hengande med folk du gjekk på vidaregåande med, seier Jesper.

Under Vekao 2014 er han vaktsjef, men har også tidlegare jobba mange timar gratis for studentsamfunnet på Meieriet.

– Å vere vaktsjef vil seie at ein har det overordna ansvaret for huset på kveldstid når dagleg leiar ikkje er her. Det blir for ein del å passe på, spesielt no når det har vore utselde arrangement, 500 gjester kvar kveld, god stemning og mykje drikking, gliser Jesper.

Zahid Ali og Anders McAuley

LIKAR MILJØET: Komikarane Zahid Ali og Anders McAuley likar godt å opptre på studentfestivalar. Anders har vore mykje i Sogndal tidlegare, både på jobb og privat.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Likar seg i Sogndal

Inn på Meieriet kjem komikarane Zahid Ali og Anders McAuley, sistnemnde også kjend frå NRK P3 sitt lunsjprogram, Kirketid.

– Eg har vore her to gonger tidlegare, og det å vere her i Sogndal gjer jo at eg blir kjend for nye studentar og yngre menneske som vonleg likar det eg gjer og følgjer meg vidare, seier McAuley før han og komikerkollegaen gjer seg klar for lydprøver.

Kjendisane går vidare, og Jesper og Eli har stilt seg bak baren til ære for fotografen. Tradisjonen tru blir det tappa mange halvliterar med øl under studentfestivalen Vekao, men miljøet treng ikkje alkohol for å vere bra, forsikrar dei.

– Mange lokale på arrangementa

– Eg trur Meieriet og Vekao er gode ting for å skape meir samhald mellom lokale og studentane. Vi ser at det er mange lokale som går på arrangementa under Vekao. Det er ope for alle her, så det går veldig fint, seier Jesper.

Eli meiner at det at over 150 deltek som frivillige seier jo at folk har ei eigarkjensle til Meieriet og til studentveka.

– Dei vil bidra og alle er klar over at utan dugnadsanda så er det ikkje nokon moglegheit til å ha eit slikt hus vi kan gå til. Det er absolutt ikkje nokon betalt innsats, men ein skaffar seg mange nye kjende, og eg tykkjer det gjer det verdt å vere med.