Hopp til innhold

Avhengig av arbeidsinnvandring

Utanlandsk arbeidskraft er livsviktig for at Sogn og Fjordane skal utvikla seg. Det er essensen i næringsbarometeret som blir lagt fram i dag.

Agnieszka Toporska

EI AV MANGE: Agnieszka Toporska frå Polen er tilsett i Florø Mekaniske Verksted.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I bedrifta Florø Mekaniske Verksted er det nesten berre polske og litauske arbeidarar.

Agnieszka Toporska frå Polen er bindeleddet til storparten av arbeidsstokken. Ho svarar på ein av mange telefonsamtalar frå dei andre tilsette i bedrifta Florø Mekaniske Verksted. Og med veldig mange av dei kan ho bruke morsmålet når ho snakkar. For i denne bedrifta er 200 av 220 arbeiderar frå Polen eller Litauen.

Ho seier at om dei ikkje hadde hatt polske og litauske arbeiderar, måtte dei ha lagt drifta.

«Livsviktig»

I næringsbarometeret for Sogn og Fjordane som vart presentert i dag, er hovudlinja at utanlandsk arbeidskraft er livsviktig for næringslivet i fylket.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jan Atle Stang (NHO)

- HELD OPPE FOLKETALET: regiondirektør Jan Atle Stang i NHO.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Agnieszka er ein av 6000 innvandrarar som er tilsette i bedrifter i fylket. Det utgjer ein tiandedel av alle som er i arbeid, ein tiandedel som er veldig viktig, seier regiondirektør Jan Atle Stang i NHO.

– Det næringslivet sjølv seier er at dei er heilt avhengige av utanlandsk arbeidskraft for at hjula skal gå rundt.

– Held folketalet oppe

I ei tid der dei som er fødde og oppvaksne i Sogn og Fjordane flyttar vekk, bidreg innvandringa til at folketalet i fylket ikkje går nedover.

– Hadde det ikkje vore for innvandringa, og då snakkar eg ikkje berre om arbeidsinnvandring, så ville folketalet ha gått ned. Det er innvandringa som held oppe stabiliteten i folketalet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ole Brandsøy (dagleg leiar i Florø Mekaniske)

HEILT AVHENGIG: Dagleg leiar Ole Brandsøy i Florø Mekaniske Verksted.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

1273 berre i Flora

Offshore-kommunen Flora, med 11 500 innbyggjarar, toppar statistikken over utanlandsk arbeidskraft. I fylgje FramFlora utgjorde innvandrarar 1273 årsverk i kommunen i fjor. Dagleg leiar Ole Brandsøy i Florø Mekaniske Verksted er klar på at dei ikkje hadde vore ei bedrift i vekst om dei måtte lite på å få nok norsk arbeidskraft.

– Vi hadde ikkje vore der vi er i dag om vi ikkje hadde hatt utanlandsk arbeidskraft.

– Kvifor er det så mange utanlandske arbeidarar her?

Statistisk sentralbyrå trur at innvandringa til fylket kjem til å dobla seg innan 2020, og at innvandrarane då utgjer 14 prosent av folketalet i Sogn og Fjordane. Tidlegare

– Den norske arbeidskrafta er oppteken i andre jobbar, så vi får ikkje tak i dei vi treng.

– Store fordelar

Tidlegare kunnskapsministar og utdanningsministar Kristin Clemet, som no er dagleg leiar i tankesmia Civita, er ikkje uroa over tala.

– På heilt kort sikt kan kanskje konkurransen merkast innan visse bedrifter eller bransjar, men på lang sikt er fordelane store for alle partar.

– Arbeidsinnvandringa har hjelpt oss til å løyse oppgåver vi elles ikkje hadde fått løyst. Det har gitt oss auka vekst og velstand, og vi har fått billegare varer og tenester fordi vi har fått auka konkurranse på arbeidsmarknaden.

Vil bli her

Dei fleste arbeidarane jobbar på skift og pendlar til heimlandet. Men Agnieszka Toporska og mannen hennar har gått motstraums.

– Mannen min har vore her i sju år, og eg har vore her i seks og eit halvt, og vi håpar å få bli her resten av livet.

Agnieszka Toporska

VIL BLI HER: Agnieszka Toporska.

Foto: Sondre Dalaker / NRK