NRK Meny
Normal

Avgrensa vass-skuterbruk i Florø

Florø skal vera vert for NM i vass-skuter. Likevel skal det berre vera lov å driva med idretten 10 gonger i året.

 

I fjor vart det arrangert norgescup i vass-skuter i Florø, og i september vert NM arrangert i kystbyen. Men lokale interesserte får ikkje mykje høve til å øva seg til dette.

Plan- og miljøutvalet har i eit forslag til forskrift føreslege at det ikkje skal køyrast vass-skuter meir enn 10 gonger i året i Flora.

Skuffa

Dei nasjonale reglane seier at det i utgangspunktet er forbode å køyra vass-skuter i Noreg. Men kvar kommune kan gje dispensasjon, eller setja av område til dette. Ungdomsordførar Fredrik Helland er skuffa over forslaget frå Flora-politikarane. 

- Det burde heller vore opent slik at ein søkte for kvart arrangement, seier Helland.

Leiar i plan- og miljøutvalet, Lars Terje Standal ser ikkje for seg at det vil vera ei betre løysing.

- Høyringsrunden vil visa kva innspel som kjem, men forskrifta er i utgangspunktet tilrettelagt for at ein skal kunna driva med vass-skuter, seier Standal.

Vil møta motstand

Når saka kjem opp i bystyret, vil ungdommen få sjansen til å seia si meining. Ungdomsordførar Fredrik Helland trur at politikarane då vil møta motstand.

- Då kjem ungdommen til å seia kva dei meiner at kommunen burde gjera. Det bør vera friare å driva med vass-skuter i Florø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå