Avgjorde flytting av hovudkontoret

Som venta kjem ingen av hovudkontora til Statens vegvesen til å ligge i Sogn og Fjordane. I går kom meldinga om at regjeringa har avgjort dette, og det næraste hovudkontoret kjem til å bli Bergen. Omorganiseringa har vore planlagd lenge, og samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) trur publikum vil bli nøgd. – Dei fleste håpar eg over tid vil merke ei meir effektiv organisasjon i Statens vegvesen som byggjer veg raskare og betre. Me ønskjer å bruke pengane på å halde ved like norske vegar i staden for å administrere norske vegar, seier han. Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen Sogn og Fjordane er ikkje bekymra for at dette kjem til å påverke arbeidsplassane i distriktet negativt. – Strukturen vert endra, men mykje av grunnprinsippa vert dei same, seier han. Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, er ikkje like glad.
– Det er krevjande å forstå argumentasjonen til regjeringa om at dei desentraliserer, når regionskontor og arbeidsplassar vert flytta til Bergen, seier ordføraren.

Jon Georg Dale
Foto: Erik Waage