Hadde det gått endå lengre tid, ville verftet rett og slett mist kompetansen på å byggje avanserte farty.
Sjå: Ny storkontrakt til Kleven.
Om verftet berre hadde fått jobben med å byggje modular til dei norske fregattane, ville det sett mørkt ut for anlegget i Florø i løpet av eit par år, meiner verftsdirektøren.
Kjernekompetanse
– Vi har klart å ha gåande ein viss aktivitet og halde på kjernekompetanse, men til lenger det hadde gått til verre hadde det vorte, seier Nydal.
Kleven Florø. Arkiv NRK.
Difor var kontrakten verftet sikra seg på i bygge juicetankaren så mykje viktigare enn arbeidet med å bygge modular til dei norske fregattane for det spanske verftet Izar. For det er kompetanse på svært avanserte skip som er verksemda sitt viktigaste konkurransefortrinn når dei ikkje er i nærleiken av å kunne konkurrere på pris.
Tener pengar
Sjølv om det er knallhard konkurranse, er tankarkontrakten ein jobb verftet reknar med å tene pengar på. Med berre fregattmodulane ville verftet berre så vidt gått i balanse, seier Nydal.
Då den førre tankaren forlet beddinga på Kleven for vel eit år sidan, var marknadssituasjonen så vanskeleg at dei måtte sjå seg om etter anna arbeid for å overleve. Nydal seier dei er avhengige av store kontraktar for å tryggje framtida.
– Vi har hatt kontraktar som vi har tent pengar på, men det er for lite volum på desse til å få lønsemd i det store, flotte anlegget i Florø.
Juicetankaraen som skal byggast ved Kleven Florø.