Viss det ikkje lenger skal sorterast flasker ved anlegget, vil vi fort bli overflødige, seier tillitsvald i Lærdal, Arne Sanden.
Det var stor jubel i Lerum-leiinga då regjeringa bestemte seg for å fjerne avgifta på eingongsflasker frå 1. juli. Då kan nemleg Lerum sjølve produsere flasker i staden for å bruke ombruksflasker. Men desse ombruksflaskene held i dag liv i 12 arbeidsplassar i Lærdal. Der blir flaskene sorterte og pakka. Arne Sanden likar difor dårleg at avgifta vart fjerna.
Lovar andre alternativ
Administrerande direktør i Lerum, Jan Petter Vadheim, forstår frykta blant sine tilsette ved sorteringssentralen i Lærdal. Men han lovar at det blir jobba med å finne alternativ.
Sjølv om avgifta på eingongsflasker blir fjerna alt 1. juli, vil det ta tid før ombruksflaskene er ute av systemet. Difor er dei tilsette i Lærdal sikra jobb i alle fall ut året, seier Jan Petter Vadheim.
Håpar på ny regjering
Men tillitsvald Arne Sanden seier fleire alt har begynt å sjå seg om etter anna arbeid. No håpar han at ei ny regjering til hausten vil gjeninnføre avgifta på eingongsflasker. Det er høg snittalder på dei som jobbar på sorteringsanlegget, så for dei som er nærmare 50 er det ikkje så lett å finne seg nytt arbeid, seier Sanden.