Hopp til innhold

Avfeiar kritikk frå Opseth

Regjeringa avfeiar at dei blandar seg for ofte inn i Helse Førde sine saker.

Kjell Opseth

Verken regjeringa eller Helse Vest tek til seg kritikken frå avtroppande styremedlem i Helse Førde, Kjell Opseth.

Foto: NRK

Men statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Rigmor Aaserud vedgår at det lokale presset er stort.

- Det er stort press frå mange lokalpolitikarar. Det er vanskeleg å finne den gode balansen på når ein skal gripe inn og ikkje, seier ho.

- Kjenner seg overstyrd

Opseth gav måndag beskjed om at han likevel ikkje vil halde fram som styremedlem i Helse Førde. Han meiner at regjeringa blandar seg alt for mykje inn i korleis Helse Førde skal klare budsjetta sine. Dei fattar vedtak på vedtak, berre for å sjå regjeringa overstyre desse.

Aaserud skjønar at det kan vere frustrerande for styremedlemene å sjå at dei ikkje får så mykje helse ut av kronene som dei ynskjer. Ho vil ikkje kommentere dette ytterlegare.

- Stortinget rår

Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen, tykkjer det er trist at Opseth takkar av i protest mot Helse Vest og departementet. Han meiner likevel at inntektsråma til Helse Førde ikkje er grunn god nok til å trekkje seg. Nilsen forsvarar at Helse Førde må kutte.

- Når det gjelder dei økonomiske råmene som Helse Vest har, så er det Stortinget som har løyvd desse råmene, seier han.