NRK Meny
Normal

Avfallsbrenning var lovleg

– Verksemda Wergeland Halsvik i Gulen gjorde ikkje noko ulovleg då dei brende opp 60 tonn oljeavfall.

Wergeland Halsvik i Sløvåg.

Wergeland-Halsvik kom i søkelyset på grunn av avfallshandtering for Alexela Sløvåg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i Klima og forureiningsdirektoratet (KLIF).

- Ei forsvarleg løysing

Avfallet som er destruert ved Wergeland Halsvik kom frå naboverksemda Alexela Sløvåg. Bjørnstad seier rapportane dei har fått viser at avfallet er handtert på ein måte som tilfredstiller løyva verksemda har.

– Viss det verksemda har rapportert om mengde og type avfall stemmer, så er dette innafor det løyvet som Wergeland Halsvik har. Det betyr at det er ei miljømessig forsvarleg løysing. Det er ikkje noko ulovleg i det som Wergeland Halsvik og Alexela har gjort her.

Skal ha blitt sjuke

Han seier KLIF likevel hadde venta at Alexela Sløvåg hadde informert dei om kva dei ville gjere med avfallet fordi det har vore mykje merksemd rundt avfallet frå anlegget.

– Det har vore spekulert i at tilsette ved Wergeland Halsvik har blitt sjuke når dei har handtert avfallet. Kva gjer direktoratet i forhold til dette?

– Vi har vore i kontakt med kommunen og Helse Vest, og dei vil følgje opp påstandane om at folk har blitt sjuke.

Vil ha tilsyn

KLIF vil ha tilsyn ved Wergeland Halsvik for å sikre at destrueringa av avfallet er gjort korrekt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.