NRK Meny
Normal

Avdekte fleire regelbrot

Statens forureiningstilsyn (SFT) har ved inspeksjonar avdekt fleire regelbrot ved Vest Tank.

Ved fleire av inspeksjonane har det vore funne brot på regelverket knytt til vassreinsing.

- I tillegg har dei ikkje hatt god nok kontroll over avfallet dei tok i mot og sende vidare, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT til Bergens Tidende.

Varslar fleire tilsyn

Tilsynet varslar no fleire kontrollar av verksemda. Men Vest Tank avviser at det er samanheng mellom ulukka i går, og regelbrota.

To store tankar eksploderte torsdag føremiddag på terminalen til Vest Tank i Sløvåg i Gulen. Ti personar måtte til legesjekk og ein person vart send til sjukehus.

Krev gransking av alle anlegg

Miljorganisasjonen Bellona krev at alle tankanlegg langs kysten blir granska etter gårsdagens eksplosjon i Sløvåg.

Fredrik Hauge i Bellona meiner desse tankanlegga utgjer ein risiko langs kysten.

- Desse anlegga representerer ei utfordring. Når det skjer ei slik ulukke er det naturleg at ein undersøker og kvalitetssikrar også andre anlegg, for å unngå at same feil skal skje igjen, seier han til NRK.

- God nok tryggleik

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap startar i dag, saman med politiet, etterforskinga for å finne årsaka til ulukka. Men direktoratet vil ikkje granske andre alnegg langs norskekysten.

- Desse utgjer ingen risiko. Denne typen anlegg er forholdsvis sikre anlegg så vi kjem ikkje til å sjekke andre anlegg, seier avdelingsleiar, Tom Ivar Hansen:

- Merkeleg uttale

Men denne haldninga forundrar Hauge.

- Det er ein svært merkeleg uttale å kome med før dei har kartlagt årsaka. Dette er jo i strid mot ein kvar beredskapstankegang.