Avdekka ulovleg og trafikkfarleg verkstaddrift: – Eit aukande problem

Fleire verkstadar driv ulovleg. I Nordfjord aksjonerte Statens vegvesen mot åtte verkstadar i denne veka, og avdekte at fire av dei dreiv trafikkfarleg reparasjonsarbeid.

Ulovleg verkstaddrift i Nordfjord

ULOVLEG: I staden for ein originale karosseridel er det brukt ein vanleg stålplate. – På moderne bilar er det viktig at ein brukar den stålkvaliteten som fabrikanten har fastsett då det har direkte innverknad på bilens kollisjonseigenskapar, seier Odd M. Andersen i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Det er alvorleg. Vi har ingen garanti for at bilen er trafikksikker når reparasjonsarbeidet ikkje blir gjort på ein godkjent fagleg måte, seier Odd M. Andersen, som leia aksjonen frå Statens vegvesen.

Fire verkstadar mangla naudsynt godkjenning og dreiv mangelfullt reparasjonsarbeid i Nordfjord. Ein av dei hadde graverande feil.

– Det var eit så stort omfang at det vil bli meld til politiet, seier Andersen.

– Dei andre blir følgde opp og får ein skriftleg tilsynsrapport. Viss dei ikkje får godkjenning på plass, vil dei også bli meld for brot på vegtrafikklova, seier han.

Eit aukande problem

Det var fleire tips frå publikum som gjorde at Vegvesenet oppdaga verkstadane som dreiv ulovleg.

– Fleire melde ifrå om at dei synst reparasjonsarbeidet verka litt mistenkeleg. I tillegg fekk vi tips om at bilar som kjem inn til etterkontroll ikkje har vore utbetra på riktig måte, seier Andersen.

Vegvesenet får stadig fleire problem med ulovleg verkstaddrift her til lands, og har difor auka kontrollane.

– Det er dessverre eit aukande problem. Det er slikt vi ikkje kan akseptere.

– Kan koste liv

Godkjenning av bilverkstadar er ein sikkerheit for at køyretøyet blir reparert på ein forsvarleg måte og er sikker ute i trafikken.

– Ein bil skal vere like trafikksikker etter ein reparasjon som før. Med omsyn til trafikktryggleiken er det viktig at vi slår ned på denne type verksemder, seier Andersen.

Verkstaden som vart meld til politiet hadde basert seg på å kjøpe opp kollisjonsskadde bilar, reparere dei og selje dei vidare. Det vart ikkje gjort i tråd med reglane.

– Eg håpar at folk i større grad unngår å bruke dei ulovlege verkstadane. Dette kan vere farleg, og billegast mogeleg reparasjon kan i verste fall koste liv, seier han.