NRK Meny
Normal

Avdekka miljø for svært farleg narko

Politiet har avdekka eit miljø for kjøp og bruk av det svært farlege narkotiske stoffet alfa-PVP i Årdal. Det er venta fleire dommar mot kjøparar og brukarar framover.

Partydop

SYNTETISK DOP: Biletet syner ulike beslag gjort av norsk politi. Det gjeld mellom anna stoffet alfa-PVP.

Foto: Skjermdump / Kripos

Det syntetiske stoffet, som kan samanliknast med amfetamin og kokain, kan mellom anna føre til store psykiske skader for brukarane.

– Dette er rusmiddel som er potente og kan gje både rusoppleving, men også psykiske uheldige verknader, sa Vigdis Vindenes, overlege ved Folkehelseinstituttet, til NRK i fjor.

No har ein 33 år gamal mann blitt dømd til fem månader fengsel for ulovleg import av om lag 25 gram av det syntetiske stoffet alfa-PVP.

– Grovt brotsverk

I følgje dommen frå Sogn tingrett hevda mannen at det var eit innfall å bestille stoffet frå Spania, og at det skjedde i rusa tilstand.

– Det legg retten til grunn, men retten ser det likevel slik at det er tale om eit grovt narkotikabrotsverk, heiter det i dommen.

Sidan mannen no er under rehabilitering, blei straffa fem månader fengsel på vilkår. Det vil seie at dersom han ikkje gjer noko gale dei neste to åra, så slepp han å sone.

Denne dommen er den første i rekkje av fleire rettssaker mot folk frå brukarmiljøet i Årdal, og sakene knyter seg til det nye stoffet alfa-PVP.

– Miljøet var uroleg

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier til NRK at det ikkje har dukka opp nye saker i kjølvatnet av desse, førebels.

Men han slår fast fro NRK i dag at dei vil gjere det dei kan for å avsløre eventuelle nye saker knytta til syntetisk narkotika.

I fjor sa Knudsen følgjande om at det nye syntetiske stoffet var kome til Årdal.

– Rusmiljøet var uroleg og meir aggressivt. Før kunne vi kommunisere med dei, men i denne samanheng kunne vi ikkje gjere det. Stoffet gjorde dei utilgjengelege for kommunikasjon. Vi hadde også to overdosar, der det viste seg at stoffet var kombinert med andre rusmiddel, sa Knudsen.