Utsegna kjem ho med etter at tre år gamle Argjend og familien hans er utvist frå landet. Dette skjer utan at saka deira er behandla av norske styresmakter, skriv Firda i dag.
Vellukka behandling
I november i fjor kom familien Aliu frå Kosovo til Flora. Med seg hadde dei ein autistisk son. I Flora vart det laga eit behandlingsopplegg for Argjend. Eit behandlingsopplegg som verka. Guten har det siste året vist enorm framgang, men trass dette vart guten i juni i år utvist, og det utan at saken vart behandla.
Dublin-konvensjonen
Årsaka til det er at familiens søknad vart handsama etter Dublin-konvensjonen. Det vil seie at personar som har fått avslag på asylsøknaden sin i Norge, Island eller EU automatisk får avslag i nye land, og blir sendt tilbake til det landet der den førre søknaden vart behandla. For familien Aliu blir det Finland.
Humanitært grunnlag
Siv Førde meiner det vil vere uheldig om tre år gamle Argjerd må reise tilbake til Finland. Familien har nå søkt om opphald på humanitært grunnlag, men utvisningsordren frå UDI står fortsatt ved lag.
Opprørande
Også sjefspsykolog ved Førde barne- og undomspsykiatriske poliklinikk, Camilla Voss, meiner det er uforsvarleg å sende guten ut av landet. – Eg synest dette er opprørande, barnets rett blir veldig redusert, seier Voss. Ho meiner det vil vera svært uheldig å ta guten ut av eit behandlingsopplegg som fungerer godt.