Hopp til innhold

Automatisk brannvarsling redda liv

Det kunne gått riktig gale for ein person som låg og sov då det byrja å brenne i eit hus i Lærdalsøyri i går. Då brannvesenet kom til staden var det tjukt med røyk i huset.

Brann i Lærdalsøyri

Det automatiske brannalarmanlegget i Lærdalsøyri redda truleg liv i dette huset i går.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING

– Røykdetektering reddar liv. Og det gjorde det i går og. Det seier brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard.

Gaute Johnsgaard

Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard

Foto: Johan Moen

Det automatiske varslingssystemet i verneområdet på Lærdalsøyri gjorde at brannvesenet kom veldig raskt til brannstaden i går, det seier Johnsgaard.

Les også: Ein redda ut frå brann i leilegheit

Han seier automatiske brannalarmanlegg basert på røykdetektering, slik dei har i Lærdal, kan vere avgjerande på stadar der husa står tett. Og også i gårsdagens brann var det fare for spreiing.

– Vist brannen hadde fått utvikle seg til opne flammar, ville det kunne ha spreidd seg raskt, seier brannsjefen.

Lærdaløyri gågate

Kunne spreidd seg: Automatisk brannvarsling kan vere avgjerande for å hindre spreiing av brann når husa står tett.

Foto: Martin Torstveit / NRK