Hopp til innhold

Autolineflåten markerer seg på sjømatmesse i Brüssel

Fem autolinebåtar frå Sogn og Fjordane og ni frå Møre og Romsdal går saman om stand på sjømatmessa i Brüssel.

Banklinebåten Fjellmøy av Vågsøy

ER MED: Banklinebåten Fjellmøy av Vågsøy vil vere med på messa i Brüssel.

Saman med fiskesalslaga vil reiarane bak dei 14 båtane vise produkta og kvaliteten linebåtane produserer. Det er første gongen brorparten av autolinereiarlaga gjer ein slik felles framstøyt på den største sjømatmessa i verda.

Frå Sogn og Fjordane er autolinebåtane «Veststeinen», «Keltic», «Sjøvær», «Carisma Viking» og «Fjellmøy» representerte.

Frå Møre og Romsdal er desse båtane med: «Seir», «Fiskenes», «Koralen», «Vonar», «Nesbakk», «Veidar 1», «O. Husby», «Husby Senior AS» og «Leinebris».

– Det må verda få vite

Initiativtakarane Lisa Leinebø Pinheiro og Danile Harbo Pineiro ynskjer å vise at sjømat-Norge er meir enn laks og skrei.

– Om vi bur nord eller sør for Stad så har vi ein ting felles: Eit unikt produkt. Ein linefanga sjøfryst torsk er den beste fisken på den nordlege halvkula, og det må verda få vite, seier dei i ei pressemelding.

Sjømatmessa i Brüssel går av stabelen 21. til 23. april.