Så langt i år syner dei tre målestasjonane til Meteorologisk institutt at Oslo har hatt nær 60 timar med sol, Trondheim har hatt 9,2 timar – medan Bergen har hatt skarve 3,3 timar!
– Østafjells har lege i le for lågtrykka i januar. Det er Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg som definitivt har fått det verste vêret og minst sol til no i januar.
Det seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet til NRK.
For vestlendingane var det nesten sjokkarta då dei såg ut vindauga i dag. Det er meldt sol nesten heile dagen.
– I dag er det eit lite pusteskjær. Det er slik at vi har ein høgtrykksrygg som passerer Vestlandet mellom to lågtrykk. Så alt i kveld er det venta vindauke og nedbør inn igjen frå Vest, seier Fagerlid.
– Kom deg ut i sola
I Nord-Noreg er mørketida no over, men også der har kvardagen vore prega av vind og nedbør denne vinteren.
Statsmeteorologen oppmodar folk på Vestlandet om å kome seg ut, om ikkje anna for å sjå på den sjeldne gule flekken på himmelen i dag.
– I dag kan bli den einaste soldagen i resten av januar. For Vestlandet er det jo overskya vêrtype resten av januar. Ingen spøk for folk som er glad i sol, seier Geir Ottar Fagerlid.
Det kan gå mot rekord
Langtidsvarselet for februar er høgst usikkert, men slik Meteorologisk ser det no, så ser det ut for store deler av landet framleis vil ha ein mild vêrtype med vestavind og nedbør.
Om det blir rekord for dårleg vêr i januar, historisk sett, er framleis uvisst.
– Januar 1989 er den våtaste hittil, med to til tre gonger normalen. Det står att å sjå om det blir ny rekord.