Hopp til innhold

Aurlendingar jobbar for taubane

Aurlendingane vil ha meir å tilby turistane som vitjar bygda. No tek Osvald Turlid til orde for å byggje taubane til Prest.

Utsikta frå Prest i Aurland.

UTSIKT: Denne utsikta vil aurlendingar tilby den store turistmengda som årleg vitjar kommunen.

Foto: Noralv Distad

Torsdag inviterte Osvald Turlid til møte for å presentere planene om bana som skal starte i nærleiken av Lærdalstunnelen, nokre kilometer utanfor Aurland sentrum.

– Det kjem så mykje turistar til vår kommune no, og skal vi ta imot dei på ein skikkeleg måte så må vi heve kvaliteten på opplevinga. Då er gondol ein av dei tinga som kan vere med å gjere det, seier han.

Pressa Flåmsbane

For utanom naturen og fjorden, er nok Flåmsbana i dag den mest kjende turistattraksjonen i kommunen. Men stadig fleire vel å ta denne togturen og i fjor var tal reisande oppe i kring 630.000 turistar.

Med så mange besøkande, meiner Turlid at kommunen treng fleire attraksjonar.

– Vi må ha fleire opplevingar og attraksjonar. Flåmsbana frakta i fjor 635.000, og på enkelte tider om sommaren er det heilt sprengt, seier han.

– Spennande

Ordførar Noralv Distad (H) tykkjer gondolbanene er spennande.

– Det har lenge vore ynskje om å utvikle ein ny toppattraksjon, som kan ta imot store volum. Då kan dette vere eit alternativ det er verdt å sjå vidare på. Vi veit at turistane er glade for å komme opp i høgda og få sett på den flotte naturen, seier han.

150 millionar

Den endelege prislappen på prosjektet er ikkje klar, men Turid trur den ligg i området 150 millionar kroner. Går alt etter planen reknar han med at spaden går i jorda kring 2017.

– Om ein greier å skaffe investorar i dette, så burde vi komme i gang om tre til fire år, seier han.

Vil ikkje eige

Sjølv om Distad tykkjer om planane, ser han likevel ikkje føre seg at kommunen skal gå inn på eigarsida i eit eventuelt taubaneselskap.

Ordføraren seier kommunen berre kan ha ei tilretteleggande rolle og at drifta må vere kommersiell.

– Det som er viktig er at når ein har fått det utgreidd, og om det er mogeleg å realisere, så er det viktig å få inn private interessentar som då kan stå for bygging og drift, seier han.