Hopp til innhold

Aurlandsdalen mellom 52 DNT-perler

Den Norske Turistforening – DNT – har i dag lansert ein sommarturkatalog med 52 utvalde turar i heile landet.

Utsikt over Aurlandsdalen.

UTSYN OVER AURLANDSDALEN: Ein av turane i katalogen er gjennom Aurlandsdalen.

Foto: André Marton Pedersen

Det kan sikkert vere mange meiningar om kva som er dei finaste turane i landet. Turentusiastar i Sogn og Fjordane vil nok hevde at det er fleire turar her som burde ha vore med i ein slik katalog.

Men den tradisjonsrike turen gjennom Aurlandsdalen er med. Det same er ein tur gjennom Stølsheimen, og som endar i Ortnevik. Vi finn og ein tur i Breheimen med topptur og sykkeletappe, og ein tur over Jostedalsbreen.

– Her snakkar vi om 52 flotte fellesturar med turleiar for små og store, nybyrjarar og gamle travarar, kajakkpadlarar, barnefamiliar og for alle som vil samle nye turopplevingar i gamle fotefar, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Trendy som aldri før

Og friluftsliv er trendy som aldri før. I fjor auka talet på overnattingar i DNT-hyttene med 11.000 (2,7 prosent) frå 2014.

– Det er gledeleg, ikkje berre for DNT, men for alle som tek del i gledene med friluftsliv, og for folkehelsa, seier Øveraas.

Vatnane Stølsgrenden på Vatnane med Einebærfjellet bak

STØLSHEIMEN: Frå stølen Vatnane i Stølsheimen.

Foto: Svein Ulvund / Bergen Turlag