Hopp til innhold

Aurland får behalde lensmannskontoret sitt

Aurland kommune vann fram med klaga og får likevel behalde lensmannskontoret sitt. – Dette er ein gledeleg dag, jublar ordførar Noralv Distad (H).

Noralv Distad

GLAD ORDFØRAR: – Det er flott at vi får ei avgjerd som betyr svært mykje for tryggleiken til eigne innbyggjarar og dei som gjestar kommunen, seier Noralv Distad (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Både politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt og Politidirektoratet har gått inn for å samlokalisere lensmannskontora i Aurland og Årdal med kontoret i Lærdal.

Aurland og Årdal klaga på avgjerda, og allereie i mars vart det klart at Politidirektoratet hadde bestemt seg for at Årdal likevel skulle få behalde sitt kontor.

I dag fekk ordføraren i Aurland ei liknande gladnyheit. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt aurlendingane medhald i klaga.

– Vi er kjempeglade! Vi meiner vi har hatt ei veldig god sak, med gode argument for å lensmannskontor i Aurland, seier ordførar Noralv Distad (H).

Turisme og tunnelar

Med ordføraren i spissen har kommunen heile tida argumentert med at det er behov for å behalde eit lensmannskontor i bygda. Med blant anna turistmagneten Flåmsbana, med nesten ein million reisande årleg, har stor gjennomgangstrafikk og turisme vore viktige argument for politikarane i sognekommunen.

Dei to lengste tunnelane i landet ligg mellom anna i Aurland, Lærdalstunnelen (24,5 kilometer) og Gudvangatunnelen (11, 4 kilometer). I sistnemnde har det dei siste åra vore to dramatiske tunnelbrannar.

– Mykje turisme, mange tunnelar og stor gjennomgangstrafikk tilseier at det må vere ein tenestestad for politiet i Aurland. Justis- og beredskapsdepartementet har lagt vekt på det same som oss, seier Distad.

– Dette betyr tryggleik for våre innbyggjarar og tryggleik for våre gjester, legg han til.

Avviser politisk spel

Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland avviser at det no er snakk om politisk spel frå Høgre si side.

– Eg reknar med at departementet har gått nøye gjennom dei argumenta vi har framført. Vi meiner vi har gode og saklege argument for å behalde kontoret.

Han seier han reknar med at Aurland no får eit lensmannskontor som kan utøve dei oppgåvene det er behov for i kommunen.

Kaare Songstad

HUSLEIGE: Politimeister Kaare Songstad seier dei økonomiske vilkåra ikkje endrar seg noko særleg, når det no blir tre kontor i staden for eitt i denne delen av Indre Sogn. Samtidig vil politiet måtte bruke meir pengar på husleige med tre tenestestader.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Men det blir endringar

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt seier han må ta til etterretning at kontorstrukturen i Indre Sogn no blir ganske annleis enn han hadde tilrådd.

Han er samtidig klar på at det vil bli endringar av drifta av polititenestene i Aurland, sjølv om dei no får behalde lensmannskontoret.

– Mykje av dei tankane som politireforma byggjer på, og som handlar blant anna om større fagmiljø og meir kraftfulle einingar, lever vidare, og det må vi ta vidare når vi skal rigge tenesteeininga der inne. Det blir ikkje sånn no at drifta i Aurland, Årdal og Lærdal kjem til å halde fram på same måte som den har gjort i fjor og for fem år sidan.

– Det er kontora som blir haldne oppe, med nokre oppgåver på kvart kontor. Men det er ikkje tvil om at drifta i området må sjåast meir i ein heilskap det ein gjorde i det ein kanskje kan kalle gamle dagar.