NRK Meny
Normal

Denne Astrupen kom ut av det blå

Eit heilt ukjent verk av Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup skal under hammaren under Blomqvist Kunsthandel sin sommarauksjon.

Ukjent kunstverk av Nikolai Astrup

UKJENT: Dette verket er Astrup-kjennar Øystein Loge trygg på er laga av Nikolai Astrup.

Foto: Blomqvist kunsthandel

Biletet vart førevist sonen Peder Astrup i april i fjor. Han godkjende at dette måleriet var laga av hans far, Nikolai Astrup.

Verket er eit landskapsbilete i olje på lerret, men er ikkje signert.

– Vi går gode for at dette er eit bilete av Nikolai Astrup, seier leiar av kunstavdelinga ved Blomqvist Kunsthandel i Oslo, Gunnar Krogh-Hansen, til avisa Firda Tidend.

– Vi er sikre

Krogh-Hansen seier til avisa at Astrup-kjennar Øystein Loge har vurdert det 66x97 cm store verket.

– Han skriv at han trur måleriet kan vere måla av Nikolai Astrup, seier han og tykkjer det er godt nok for Blomqvist til å selje det som eit Astrup-måleri.

– På bakgrunn av at Loge har gått god for det, er vi sikre. Viss vi hadde hatt grunn til å vere usikre, hadde vi trekt det frå auksjonen, seier han til avisa.

– Mange ukjende verk

Verket er verdivurdert til mellom 150.000 og 200.000 kroner, og har ein utropspris på 60.000 kroner.

Nikolai Astrup

JØLSTER: Nikolai Astrup (1880-1928) budde det meste av sitt liv på Jølster.

Tove Haugsbø ved Bergen kunstmuseum tykkjer det er spennande med eit nytt Astrup-måleri. Haugsbø skriv doktorgradsavhandling om Jølster-kunstnaren.

– Det gjer jo til at kunstnarskapen hans blir meir og meir interessant. Eg trur det er mange ukjende Astrup-måleri som heng kring om i heimane, men som folk ikkje snakkar så høgt om, seier ho til NRK.no.

Rekord i fjor

Prestesonen Astrup vart fødd 1880 i Kalvåg, men flytta tre år gamal til Jølster. Tidleg på 1900-talet var han ein av dei største kunstnarane i landet. Astrup døydde i 1928.

Fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring fire millionar kroner.

Seinast i november i fjor gjekk fargetresnittet «St. Hansbål» for tre millionar kroner under kunstauksjonen til Grev Wedels Plass Auksjonar. Dette er rekord for eit Astrup-tresnitt.

– Ikkje uvanleg

Haugsbø seier det er mange Astrup-kopiar som sirkulerer, og at det ikkje er så veldig uvanleg at det dukkar opp verk av den kjende Jølster-kunstnaren.

Ho trur motivet til det ukjende måleriet er henta frå ein fjellstøl i Jølster. Ho meiner Loge er den rette til å vurdere om biletet. Loge er kjend med motivgruppene til Astrup.

– Det skjer sikkert annakvart år at det dukkar opp ein ekte Astrup, og det er ikkje alltid så lett å vurdere om Astrup sine bilete er Astrup sine bilete. For det er gjerne kjende motiv, og det er fleire som har kopiert bileta hans. Så det er spennande kvar gong når nokon lurer på om dei har ein Astrup som ingen har sett før, avsluttar Haugsbø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå