NRK Meny

Auke i trafikk for turistvegane

Dei nasjonale turistvegane i fylket har fått eit oppsving. Det er særleg Gaularfjellet med utkikkspunktet Utsikten som merkar til auka, der det i juli passerte 480 bilar i snitt mot 290 i 2012. Også for Aurlandsfjellet kan dei syne til gode tal. 710 bilar passerte i juli, mot 420 ved førre registrering. Det melder Sogn Avis.

Utsikten Gaularfjellet
Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå