Hopp til innhold

Auke i talet på harepest-tilfelle

Til no i sommar er det meldt om 10 tilfelle av harepest. Det er fleire enn på same tid dei siste åra. Folkehelseinstituttet ber no turgåarar om å ta forholdsreglar.

Harepest

HAREPEST: Hare død av harepest i eit populært jakt og turområde i Aurland i 2017.

Foto: Knut Fredrik Øi

Tidlegare denne månaden vart det påvist harepest på ein hare i Aurland i Sogn og Fjordane.

– For å unngå smitte er det viktigaste å ikkje drikke vatn i naturen, men ta med seg drikkevatn på flaske eller eventuelt å koke vatnet, seier seniorforskar Tone Kristin Bjordal Johansen ved Folkehelseinstituttet.

Harepest, eller tularemi, er sjukdom som vert smitta frå dyr til menneske. Normalt friske menneske døyr ikkje av harepest. Men i 2017 vart fire personar smitta i av harepest i Aurland og ein dei døydde seinare og harepest var då ei medverkande årsak til dødsfallet.

– For dei fleste er det ikkje farleg. Det er ein infeksjonssjukdom og ein får influensaliknande symptom, seier Johansen.

10 tilfelle så langt i år

Berre til no i sommar har Folkehelseinstituttet registrert 10 tilfelle av harepest hjå menneske. Det er fleire ein på same tid dei siste åra.

Tone Kristin Bjordal Johansen, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet

FORSKAR: Tone Bjordal Johansen er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Privat

– Vi reknar med at smitteutbrota har samanheng med gnagarbestanden som også varierer mykje både frå år til år, men og regionalt, seier Johansen.

Tidlegare i denne månaden melde Veterinærinstituttet at det var påvist harepest hjå hare i Oppland, Hedemark, Østfold og Sogn og Fjordane. No er det meldt om fleire sjukdomstilfelle både frå personar ifrå desse områda og andre stader i landet.

– Dersom ein har mistanke om at ein kan vere smitta bør ein kontakte lege. I nokre tilfelle kan sjukdomen gå over av seg sjølv, men normalt så treng ein antibiotika, seier Johansen.

Varierer frå år til år

Talet på sjukdomstilfelle varierer frå år til år. Dei siste åra er det vanlegvis rapportert 30-50 tilfelle årleg. Meldingane til Folkehelseinstituttet viser at dei fleste pasientane har blitt sjuke om hausten.

– I toppåret 2011 blei det rapportert 180 tularemitilfelle, men også i 2017 og 2018 blei det rapportert fleire tilfelle enn normalt, seier Johansen.

Ofte kjem smitten frå drikkevatn, for eksempel dersom daude mus eller lemen har infisert brønnar, bekkar og andre vasskjelder. Men smitten kan også kome frå insekt og frå støv som ein pustar inn.