Hopp til innhold

Auke i søkartalet trass i samanslåing

Samanslåinga til Høgskulen på Vestlandet ser ikkje ut til å ha hatt innverknad på søkinga til studieplassar i Sogndal og Førde.

runa Buene og Martin Svarstad

STUDENTAR: Runa Buene og Martin Svarstad trur mange let seg lokke til Sogndal og Førde av eit tett studentmiljø og varierte fritidsaktivitetar med mykje sport og friluftsliv.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

For talet på søkarar til dei to studieplassane i Sogn og Fjordane auka frå 1574 i fjor til 1738 i år.

– Litt av auken kjem av nokre deltidsutdanningar som ikkje hadde opptak i 2016, men sjølv om vi korrigerer for det så er talet på primærsøkjarar til Sogn og Fjordane det høgste nokon gong, seier viserektor Terje Bjelle.

Vart lokka av friluftsliv

På det ganske nye høgskulebygget er det framleis roleg etter påska. Lærarstudentane Runa Buene og Martin Svarstad trur folk blir lokka av eit tett studentmiljø.

– Det er så lite her, du blir godt kjend med elevane på andre linjer og lærarane dine, seier Runa Buene.

Martin Svarstad trur dei varierte moglegheitene for aktivitetar utanom skulen også lokkar mange til Sogn og Fjordane.

– For meg var det aktivitetane som gjorde at eg starta her. Ein kan drive med alt frå ski og fjell, til fotball og volleyball, seier Martin Svarstad.

Helse og sosialfag opp, ingeniør ned

Terje Bjelle, viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

VISEREKTOR: Terje Bjelle kan nok ein gong notere rekordhøge søkartal i Sogndal og Førde.

Foto: Hisf.no

Både på landsbasis og ved campusane i Sogndal og Førde er det særleg helse og sosialfag, informasjonskunnskap og idrett som går fram, fortel Bjelle.

Førre skuleår hadde sjukepleiarutdanninga i Førde 650 studentar på venteliste. Der er rekrutteringa framleis god, men litt færre har søkt enn i fjor, fortel viserektoren.

– I andre enden har vi ingeniør, økonomi og jus.

På landsbasis går også søkartala til ingeniør ned, og det merkast også her, fortel Arnstein Menes på opptakskontoret.

Dei har ikkje merka noko forskjell i søkartal eller tilbakemelding frå studentar etter dei vart ein del av den nye Vestlandshøgskulen.

– Vi driv samla rekruttering for heile høgskulen, så her er det same pågang som det alltid har brukt vere, seier Menes.

Frå olje til klimatilpassing

Den ganske nyoppretta mastergraden i Climate Change er populær blant søkarane. Arnstein Menes på opptakskontoret gler seg over meir enn 100 søkarar på ganske få plassar på studiet.

– Det er veldig positivt, seier han.

Fleire av studentane som starta på studiet år kjem frå oljenæringa, fortel Anne Marte Søgnesand. Ho tek master i klimaendringar for å bygge på ein bachelor i geologi.

Anne Marte Søgnesand

MASTER: Anne Marte Søgnesand tek master i Climate change i Sogndal.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg trur mange søker fordi den er framtidsretta. Det er lurt å ha ein slik master no når det er vanskelege tider i oljen. Vi har fleire i klassen som har oljerelatert utdanning frå før, fortel ho.