Auke i flytrafikken

Flytrafikken til og frå Florø auka med 17 prosent i september samanlikna med same månad i fjor, skriv Firdaposten. Totalt var det 13.700 personar som reiste til og frå flyplassen. På Sandane var det ein auke i passasjertalet med 13 prosent, medan trafikken gjekk ned både i Førde og Sogndal.

Widerøe-fly i luften
Foto: Kyrre Lien / SCANPIX