Hopp til innhold

Kraftig auke i behovet for redningshundar

Grunna meir ekstremt vær og fleire som går seg bort aukar behovet for redningshundar stadig. – Vi opplever ein kraftig auke i talet på oppdrag, seier hundeinstruktør Olav Lie.

Created by InfoDispatcher

Sjå Norske Redningshunder på øving

Hundeinstruktør Olav Lie er leiar på ei av øvingane som går føre seg i Sogn og Fjordane frå onsdag til søndag denne veka. Norske Redningshunder held stort kurs. Lie fortel om ein eksplosjon i talet på oppdrag.

– Det har vore ei kraftig auking, primært når det gjeld ordinære leiteaksjonar etter jegerar, turgåarar demente eller deprimerte. I mitt distrikt vart vi kalla ut 156 gonger i fjor.

– Til å vere ein hobby er det svært mykje. Tidlegare hadde vi mykje når vi hadde 17 per år.

Lie trur det er to grunnar til at behovet og etterspurnaden aukar. Det er fleire som treng hjelp av hundar, og i tillegg har fleire fått auga opp for kva hundar kan bidra med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helene Seterdal og Olav Lie

KLARE FOR SØK: Hundeinstruktørane Olav Lie og Helene Seterdal var leiarar for prøva i ruinane i låven bak.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Må kunne takle vanskeleg terreng

Hundane og førarane vert spesialtrente etter sine styrkar. Ofte i ekstremt terreng.

I det krevjande søket etter basehoppulukka i Gudvangen bidrog Norske Redningshunder. I slike typar ulukker treng ein spesialtrente hundar.

– Det er ofte ekstremt vanskeleg terreng. Med hundar som skal flygast opp og heisast ned og vere i søk på små hyller, seier hundeførar Aleksandra Osland.

Meir ras og fleire går seg bort

Norske Redningshunder har Hovudredningssentralen og politiet som oppdragsgjevarar. Lokalt politi kallar ut hundeførarane og redningshundane.

– Vi brukar redningshundane oftare og oftare, stadfestar Thomas Øye, politibetjent i Lærdal.

Øye trur det er to grunnar til dette.

– Det verkar som det blir meir og meir snøras, og i tillegg går folk seg oftare bort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningshund

GODT BRUKT NASE: Han vart lettare irritert då vi forstyrra like før øving

Foto: Eirik Hildal / NRK

Så nært røynda som mogleg

At fleire går seg bort, vert støtta av hundeførar Aleksandra Osland.

– Grunnen er nok at fleire folk går på tur, og det er bra. Men så er det ikkje alle som er godt nok rusta. Ein kan då bli overraska av dårleg vêr og røffare terreng.

Mellom onsdag og søndag vert det fleire treningar dagleg og tre eksamenar for hundane og hundeførarane. Øvingane skjer i simulerte ruinar.

NRK fekk vere med på øving i ein låve som var ommøblert til det nesten ugjennomtrengelege. Ekstra utfordringar fekk hundane også.

– Sementblandaren skapar støy og røyk. Det er for å sjekke at hundane ikkje blir forstyrra av lyd og støy og drit rundt når dei skal jobbe. For det skal dei ikkje bry seg med, seier Osland.

Hundeinstruktør Olav Lie trur erfaringa som kjem gjennom auken i talet på oppdrag og treninga ber frukter.

– Hundane og hundeeigarane er mykje dyktigare i dag enn då eg starta.

Eigarar av redningshundar

STOLTE OG SPENTE: Eigarar av redningshundar ventar på dagens prøve.

Foto: Eirik Hildal / NRK