NRK Meny
Normal

Aukar vakthaldet for å unngå Marcus og Martinus-kaos

Billettane til Marcus og Martinus-konserten på Målrock var utselde for tre veker sidan. No tek både arrangør og politi grep for å auke tryggleiken på arrangementet.

Marcus & Martinus

TREKKPLASTER: For første gong i Målrock si historie er ein konsert heilt utselt. Folk går mann av huse for å få med seg superduoen Marcus og Martinus.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Vi har selt 3.000 billettar til den konserten åleine. Det blir mykje folk hjå oss, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim i Målrock.

Når Målrock opnar neste onsdag i Årdal er det Marcus og Martinus som står for opningskonserten. Tenåringsidola har i sommar opplevd kaotiske tilstandar ved fleire konsertar, både innanlands og i Sverige. Dei 3.000 som har fått billett gjer til at innbyggjartalet på Årdalstangen meir enn tredoblar seg neste onsdag.

Det er første gong sidan Målrock starta i 2003 at vi har selt heilt ut ein konsert. Vi var budde på at vi kom til å selje mange billettar, men dette er stort. Spennande og nesten litt skummelt, seier Fredheim.

Då Marcus og Martinus spelte i Trondheim måndag var dei ivrigaste publikummarane på plass seks timar før konsertstart. Dét håpar Fredheim at dei slepp på Målrock.

– Vi er førebudde på at nokon kjem for å sitje i kø heile dagen. Det ønskjer vi helst ikkje. Men uansett er det viktig at folk får i seg nok mat og drikke, slik at ein ikkje går tom, seier Fredheim.

Set opp bussar

Målrock har sett inn ekstra ressursar både i vakthald og organisering for å unngå kaos på konsertdagen.

– Vi har sett opp bussar både frå Lærdal, Sogndal og Øvre Årdal. I tillegg køyrer vi ekstra på tryggleik i festivalområdet, samt brukar ekstra ressursar på trafikkavvikling, seier Fredheim, og legg til at dei ventar publikummarar frå heile Sogn og Fjordane.

Målrock 2013

SPENNANDE: - Det er stort, men samtidig litt skummelt å ha selt ut ein heil konsert, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

Foto: Siren B. Svortevik / NRK

I tillegg vert det også sperra av delar av sentrum på Årdalstangen, slik at det skal vere trygt for born og unge å ferdast der.

Ber folk høyre etter

Også politiet i Årdal er klare for storinnrykk, og aukar mannskapet på ettermiddag og kveld på den første konsertdagen.

I tillegg har arrangøren auka vakthaldet sitt monaleg. Mitt ønskje er at dei som kjem til Årdal og skal vere med på konserten, nyttar buss. Vi ønskjer færrast mogleg bilar denne dagen, seier lensmann Magne Knudsen.

Til dei som av ulike årsaker vel å køyre bil til Årdal sjølve, ber han dei følgje og respektere dei beskjedar dei får frå trafikk-koordinatorane.

– Følg beskjedane og kom i god tid. Ikkje stopp i vegen og slepp av folk. Vi fryktar at det fort kan komme 1.000 bilar, og det er mykje, så det vil bli trangt. Ha god tid og godt humør, så blir dette bra, seier Knudsen.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.